Utlevering av opplysningar til offentlege myndigheiter og verksemder og private verksemder som har lovheimel

  • Skriv ut

Det er den aktuelle myndigheita eller verksemda som treng tilgang til konfidensiell informasjon som er ansvarleg for å sikre at dei har nødvendig heimel. Ein må kunne leggje fram dokumentasjon av heimel dersom ein treng tilgang til konfidensiell informasjon.

Dei som har lovheimel får tilgang til desse opplysningane:

Ikkje-konfidensielle opplysningar

  • Namn (namn og namnehistorikk)
  • Fødselsnummer/D-nummer (krev grunngjeve behov)
  • Fødselsdato
  • kjønn
  • grunnlaget for den registrerte identiteten
  • Fødestad
  • Bustadadresse/postadresse (gate/veg, gatenummer, postnummer, poststad, kommunenummer, bustadkommune, gards- og bruksnummer, adressehistorikk)
  • Sivilstand (sivilstand og sivilstandshistorikk)
  • Registreringsstatus (busett, utvandra, død)
  • Ev. dødsdato

Konfidensielle opplysningar

  • Elektronisk kontaktinformasjon
  • Kontaktopplysningar for dødsbu
  • Foreldre
  • Ektefelle / registrert partnar
  • Barn
  • Foreldreansvar
  • Adopsjon
  • Familienummer
  • Tilknyting til valmanntalet i Sametinget
  • Samisk språk
  • Opphaldsstatus
  • Utanlandsk identifikasjonsnummer
  • Identifikasjonsnummer frå utlendingsmyndigheitene
  • Registreringsstatus, med unnatak av statusane "busett", "utflytta", "død", "opphøyrt" og "inaktiv" – som er unnatekne frå teieplikta i forskrift.

Til folkeregisterlov og forskrift

Korleis sender eg ein søknad om utlevering?

Du kan laste ned, fylle ut og sende inn eit søknadsskjema for å søkje om tilgang til opplysningar frå folkeregisteret etter den nye lova om folkeregistrering.

Søknaden skal sendast skriftleg per brevpost til:

Skattedirektoratet, Rettsavdelinga
Postboks 9200 Grønland

0134 Oslo

Søknader om einskildopplysningar

Skal sendast inn via kontaktskjemaet vårt

Søknader som omfattar ei bestemt gruppe som er busette i ein kommune eller eit fylke: Skal sendast via kontaktskjemaet vårt til skattekontoret for den aktuelle kommunen eller fylket.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.