Utlevering av opplysninger til pressa

  • Skriv ut

Det er i lova gjort visse endringar for pressa sin tilgang til opplysningar i folkeregisteret. Omgrepet "pressa" omfattar all verksemd som kjem inn under Mediefridomslova § 2. Etter § 10-1 andre og tredje ledd får pressa no fri tilgang til desse opplysningane:

  • fullt namn, inkl. historikk
  • fødselsdato
  • kjønn
  • grunnlaget for den registrerte identiteten
  • adresse (ikkje adresser som er underlagde teieplikt eller gradert etter instruksen om vern) inkl. historikk
  • fødestad
  • statsborgarskap
  • sivilstand (alle typar)
  • verjemål
  • stadfesta framtidsfullmakt
  • dødsdato
  • registreringsstatus (busett, utflytta, død, opphøyrt og inaktivt d-nummer)

Oppslaga i folkeregisteret kan som tidlegare berre skje ved eit såkalla eintydig søk, dvs. at personen er namngjeven og kan identifiserast. I samband med moderniseringa av folkeregisteret blir dei eksisterande løyva endra. Dette er nærare omtalt i Prop. 164 L (2015-2016) pkt 18.4.6 siste avsnitt og § 10-1 tredje ledd.

For å få tilgang til fødsels-/d-nummer er det eit krav om at det ligg føre eit grunngjeve behov ref. i Prop L (2015-2016) pkt 18.4.3.

Til folkeregisterlov og forskrift

Korleis sender eg ein søknad om utlevering?

Du kan laste ned, fylle ut og sende inn eit søknadsskjema for å søkje om tilgang til opplysningar frå folkeregisteret etter den nye lova om folkeregistrering.

Søknaden skal sendast skriftleg per brevpost til:

Skattedirektoratet, Rettsavdelinga
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo.  

Søknader om einskildopplysningar

Søknad via kontaktskjemaet vårt der du reknar med at personen du ønskjer opplysningar om bur. Du kan få utlevert inntil 3 til 4 opplysningar per veke utan å betale for det.

Dersom du har ei lengre liste med opplysningar du ønskjer å få utlevert, må du betale for å få opplysningane.

Omfattar førespurnaden meir enn 4 personar, skal den sendast til:

Skatt nord, Hammerfest
Postboks 6310

9293 Tromsø.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.