Dette er folkeregisteret

  • Skriv ut

Det er vi i Skatteetaten som er ansvarlege for eit fullstendig og oppdatert folkeregister. Folkeregisteret omfattar nøkkelopplysningar om alle personar som er eller har vore busette i Noreg.

Registeret dannar grunnlaget for mellom anna skattemanntalet, valmanntalet og folketalsstatistikken. Eit korrekt folkeregister er ein føresetnad for at alle borgarar skal få informasjon frå offentlege myndigheiter, og for at rettane og pliktene deira skal bli varetekne.

Både offentlege og private verksemder nyttar opplysningar frå folkeregisteret. Tilgjenget er likevel avgrensa.

NB! Skatteetaten.no er ikkje eit søkbart register for person- og adresseopplysningar.

Folkeregisteret registrerer opplysningar om blant anna:

  • Fødslar, namneval, farskap og foreldreansvar
  • Flytting
  • Endringar i sivilstand
  • Dødsfall
  • Namneendringar
  • Statsborgarskap

Kven nyttar opplysningane frå folkeregisteret?

  • Skattemyndigheitene
  • Valmyndigheitene
  • Andre offentlege myndigheiter, til dømes NAV, Utlendingsdirektoratet (UDI), Utlendingsnemnda (UNE), Forsvaret, Lånekassen, Statens vegvesen, politi, brannvesen og ambulanse
  • Statistisk sentralbyrå (SSB)
  • Bankar og forsikringsselskap
  • Ulike arbeidsgivarar
  • Forskarar
  • Private organisasjonar og personar

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.