Ekteskap med ein utanlandsk statsborgar

  • Skriv ut

Dersom du skal gifte deg med ein utanlandsk statsborgar i Noreg, må han/ho leggje fram dokumentasjon for Skatteetaten.

Skal du gifte deg med ein utanlandsk statsborgar som har permanent opphaldsløyve i Noreg, går de fram på same sett som når to norske statsborgarar gifter seg.

Ein utanlandsk statsborgar utan permanent opphaldsløyve i Noreg må leggje fram følgjande dokumentasjon for Skatteetaten:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte – dersom han/ho har vore gift tidlegare
  • For personar som er skilde etter utanlandsk rett, må skilsmissa vere anerkjent av fylkesmannen. Søknadsskjemaet kan lastast ned på fylkesmannen.no. Kravet om anerkjenning gjeld ikkje dersom skilsmissa blei gjennomført i eit av dei andre nordiske landa, under føresetnad av at begge ektefellane var busette og hadde statsborgarskap i eit nordisk land på tidspunktet for skilsmissa.
  • Dokumentasjon på namn og alder, til dømes pass eller fødselsattest. Dokumentasjonen må vere i original eller kopi stadfesta av ei norsk offentleg myndigheit.
  • Ein attest frå heimlandet og eventuelt siste bustadsland, som viser at det ikkje er noko som hindrar at ho eller han kan inngå ekteskap i Noreg. Attesten må ikkje vere eldre enn fire månader. Omsetting kan vere naudsynt med mindre attesten er skriven på engelsk, dansk eller svensk. Attesten må vere i original.

    Om  attestar er omsett må både den originale og oversettinga leveres. Er attestar omsett i utlandet med unntak av nordiske land, må også omsettinga ha apostillestempel eller være legalisert av landets utanriksdepartement. 

  • Statsborgarar frå land utanfor Norden må leggje fram dokumentasjon som viser at vedkomande har lovleg opphald i Noreg. Dokumentasjonen må vere i original eller kopi stadfesta av ei norsk offentleg myndigheit.

Dokumentasjon frå land utanfor Norden må vere legalisert eller påført eit apostillestempel av myndigheitene i det landet der den er utferda.

Send dokumentasjonen til det skattekontoret den av dykk som er busett i Noreg, høyrer til.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.