To utanlandske statsborgarar som skal gifte seg i Noreg

  • Skriv ut

Dersom de vil gifte dykk i Noreg, men ikkje har permanent opphaldsløyve her, må de leggje fram dokumentasjon for Skatteetaten.

Følgjande dokumentasjon er naudsynt:

  • Kvar dykkar eigenerklæring
  • Forlovarerklæring – må fyllast ut av ein forlovar på kvar side
  • Erklæring om skifte – dersom nokon av dykk har vore gift tidlegare.
  • For personar som er skilde etter utanlandsk rett, må skilsmissa vere anerkjent av fylkesmannen. Søknadsskjemaet kan lastast ned på fylkesmannen.no. Kravet om anerkjenning gjeld ikkje dersom skilsmissa blei gjennomført i eit av dei andre nordiske landa, under føresetnad av at begge ektefellane var busette og hadde statsborgarskap i eit nordisk land på tidspunktet for skilsmissa.
  • Dokumentasjon på namn og alder, til dømes pass og fødselsattest. Dokumentasjonen må vere i original eller kopi stadfesta av ei norsk offentleg myndigheit.
  • Ein attest frå heimlandet, eventuelt siste bustadsland, som viser at det ikkje er noko som hindrar at de kan inngå ekteskap i Noreg. Attesten må ikkje vere eldre enn fire månader. Oversetting kan være naudsynt om ikkje attesten er skriven på engelsk, dansk eller svensk. Attesten må vere i original.
  • Statsborgarar frå land utanfor Norden må leggje fram dokumentasjon som viser at vedkomande har lovleg opphald i Noreg. Dokumentasjonen må vere i original eller kopi stadfesta av ei norsk offentleg myndigheit.

Dokumentasjon frå land utanfor Norden må vere legalisert eller påført eit apostillestempel av myndigheitene i det landet der den er utferda.

Kvar skal ein sende papira?

Brudefolk som har turistopphald på under 3 månader, eller er utvandra før 30. september 1964, eller aldri har vore busette i Noreg, sender søknaden til...

Skatt nord
Postboks 6310
9293 Tromsø

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.