Bigami, ekteskap med mindreårig og ekteskap som blir inngått utan at begge partar er fysisk til stades under vigselen, er ikkje tillate

  • Skriv ut

Bigami er straffbart etter norsk rett. Det same er ekteskap med nokon under 16 år, eller å medverke til dette. Eit ekteskap som er inngått utan at begge partar var fysisk til stades under vigselen, er heller ikkje lovleg.

Eit ekteskap blir heller ikkje anerkjent dersom ekteskapet heilt tydeleg verkar støytande på norsk rettsorden.

Alt dette gjeld òg dersom ekteskapet er inngått i utlandet og ein eller begge har tilknyting til Noreg.

Det blir sjeldan gjort unnatak

Etter førespurnad frå begge partar kan likevel ekteskapet anerkjennast dersom sterke årsaker taler for det. Dette er ei snever unnataksføresegn som blir svært strengt praktisert. Difor vil eit slikt ekteskap sjeldan gi grunnlag for familiegjenforeining.

Eventuelle søknader om anerkjenning skal sendast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, som òg gir rettleiing på området.

For meir informasjon, les Regjeringa si brosjyre om reglar for å gifte seg i Noreg.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.