Vegen til ekteskapet – steg for steg

  • Skriv ut

De får ein attest frå Skatteetaten

Skattetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Attesten blir sendt til dykk i posten*, med mindre de har oppgitt vigslar si adresse i eigenerklæringane. Då blir attesten sendt kun direkte til vigslar.

Attesten er gyldig i 4 månader.

Dersom de ikkje oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, får de brev i posten. Er de ueinige i vedtaket, kan de klage til fylkesmannen der ein av dykk bur.

* Dersom de bur på ulike adresser, sender vi attesten til den av dykk som er eldst.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.