Ekteskap i utlandet

  • Skriv ut

Dersom de bur i Noreg, men skal gifte dykk i utlandet, kan de inngå ekteskap anten etter utanlandsk rett eller etter norsk rett.

Før de kan gifte dykk, anten det er etter norsk eller utanlandsk rett, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Dette gjer de ved å fylle ut og sende inn følgjande skjema til skattekontoret:

Forventa handsamingstid er vanlegvis 2-3 veker. Dersom de oppfyller krava for å inngå ekteskap, får de ein såkalla prøvingsattest i posten. Dersom de skal inngå ekteskap etter utanlandsk rett, kan de få attesten på følgjande språk: norsk, engelsk, tysk, spansk, fransk og italiensk. Meld frå om kvar for språk de ønskjer attesten på.

Etter norsk rett

Ekteskap som blir inngått ved ein norsk utanriksstasjon, går føre seg etter norsk rett. Det same gjeld i stor utstrekning vigslar ved norske sjømannskyrkjer.

Utanriksdepartementet har laga ei liste over kva for norske utanriksstasjonar som kan vie norske borgarar. Ta kontakt i god tid før de reiser for å få avklart naudsynte formalitetar. Meir informasjon om ekteskap i utlandet finn de på heimesidene til dei ulike stasjonane.

Hugs å ta med pass og prøvingsattesten som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Utanriksstasjonen skal vanlegvis ha prøvingsattesten på førehand.

Etter utanlandsk rett

Dersom de skal gifte dykk etter utanlandsk rett, må de sjølve undersøkje med myndigheitene i det aktuelle landet om kva for dokumentasjon dei krev at de legg fram. Sjekk mellom anna kva for språk dei krev ekteskapssattesten på, og om den må vere påført eit apostillestempel frå fylkesmannen.

Korleis få ekteskapet anerkjent i Noreg ?

For å få ekteskapet anerkjent i Noreg, må de leggje fram ein original vigsleattest for skattekontoret. Det er stor skilnad på kva som blir rekna som gyldig dokumentasjon når ein gifter seg i utlandet:

Ekteskap inngått i nordiske land

De må levere den originale vigsleattesten. For Sverige godtek ein og stempla utskrift frå Skatteverket.

Ekteskap inngått i:

  • Afrika: Burkina Faso, Burundi, Elfenbeinskysten, Eritrea, Etiopia, Gambia, Guinea, Liberia, Mali, Nigeria, Sierra Leone, Somalia, Sudan, Sør-Sudan, Ghana, Kenya, Zimbabwe, Uganda, Den demokratiske republikken Kongo (DRC), Rebublikken Kongo (RC), Ekvatorial Guinea og Gabon .
  • Asia: Afghanistan, Bangladesh, Filippinane, India, Irak, Jemen, Myanmar (Burma), Pakistan, Saudi Arabia, Sri Lanka, Syria og Vietnam.
  • Europa: Kosovo

Attestar frå desse landa har lite eller ikkje noko truverd fordi dei ofte er falske. Det kan gjerast unnatak dersom Utlendingsdirektoratet (UDI) har godteke at ekteskapet er inngått i samband med familiegjenforeining. Det same gjeld dersom ein norsk utanriksstasjon kan attestere vigselen.

Ekteskap inngått i andre land

Attestane må vere i original og påført eit apostillestempel, eller vere legalisert av utanriksdepartementet i landet. Attestar som er godkjende av ein norsk utanriksstasjon blir òg godtekne.

Oversetting kan være naudsynt med mindre attesten er skriven på engelsk, dansk eller svensk. Om  attestar er oversett må både den originale og oversettinga leverast. Er attestar oversett i utlandet, med unntak av nordiske land, må også oversettinga ha apostillestempel eller være legalisert av utanriksdepartementet i landet. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.