Registrering av sambuarskap

  • Skriv ut

Eit sambuarskap er to personar som lever saman under ekteskapsliknande forhold utan å ha inngått ekteskap. Det finst inga formell registreringsordning for sambuarforhold i Noreg.

Dersom du treng ei stadfesting på at du bur saman med nokon, kan du bestille bustadattest (bustadbevis) frå oss.

Sambuarkontrakt

Sambuarskap er ikkje lovregulert på same måte som ekteskap. Difor ønskjer mange sambuarar å skrive ein sambuarkontrakt. Denne regulerer mellom anna kven som eig kva.

Ein sambuarkontrakt kan setjast opp på fleire måtar. Eit søk på Internett gir deg oversikt over fleire ulike forslag. Skatteetaten leverer ikkje sambuarkontraktar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.