Frie og beskytta etternamn

  • Skriv ut

Dersom fleire enn 200 personar i Noreg deler eit etternamn, er etternamnet såkalla fritt.

Som hovudregel kan du velje fritt blant frie etternamn. På Statistisk sentralbyrå sitt namnesøk kan du sjekke kor mange som har same etternamn.

Beskytta etternamn

Eit etternamn blir rekna som beskytta dersom 200 eller færre personar i Noreg heiter det. For at du skal kunne ta eit beskytta etternamn, må alle som allereie heiter det, samtykkje.

Du kan òg ta eit beskytta etternamn dersom du har ei tilknyting til namnet, til dømes ved slektskap, ekteskap, sambuerskap der ein har budd saman i minst to år eller har felles barn, adopsjon, steforeldreforhold eller fosterforeldreforhold. Sakshandsamaren tek kontakt med deg dersom det er trong for dokumentasjon.

Du kan lese meir om etternamn i kapittel 2 i namnelova.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.