Kor ofte kan eg endre namn?

  • Skriv ut

Dersom du er over 16 år, kan du i utgangspunket ikkje ta, endre eller fjerne fornamn eller etternamn meir enn ein gong kvart tiande år. Det finst likevel unnatak.

Dersom du har teke, endra eller fjerna eit namn, kan du likevel innan 10 år...

  • ta etternamnet til ein ektefelle eller ein sambuar som du har budd saman med i minst to år, eller som du har barn saman med
  • ta eit etternamn som du har hatt tidlegare
  • ta etternamnet til steforeldre, fosterforeldre eller adoptivforeldre
  • endre fornamnet tilbake til det fornamnet du hadde før du endra det
  • ta, endre eller sløyfe fornamn eller etternamn dersom det ligg føre særlege årsaker

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.