Skal du ha to etternamn?

  • Skriv ut

Dersom du vil ha to etternamn, må du skrive etternamna med bindestrek. Vil du unngå bindestreken, må du velje det eine etternamnet som mellomnamn.

Dobbelt etternamn med bindestrek

Døme: Petter Hansen-Olsen. Hansen-Olsen er etternamnet.

Dersom du vel å ha dobbelt etternamn, må du alltid bruke heile namnet. Du står oppført i telefonkatalogen på den første bokstaven i det første etternamnet. I dette dømet vil vedkomande stå på H.

Mellomnamn og etternamn

Døme: Petter Hansen Olsen. Hansen er mellomnamnet, Olsen er etternamnet.

Dersom du vel to etternamn, der det eine er eit mellomnamn, er det ingen krav til bruk av mellomnamnet. Du vil stå oppført i telefonkatalogen på den første bokstaven i etternamnet. I dette dømet vil vedkomande stå på O.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.