Dette må borgarar utanfor EU/EØS/EFTA ha med seg på ID-kontroll

  • Skriv ut

Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS/EFTA og skal melde flytting til Noreg, må du møte opp på eitt av 42 utvalde skattekontor for ID-kontroll.

Ta med deg følgjande dokumentasjon:

  • Pass eller eit anna godkjent legitimasjonsdokument, som viser bilete, kjønn og statsborgarskap
  • Opphaldskort som viser at du har opphaldsløyve for seks månader eller meir
  • Gyldig kontrakt på kjøp av bustad eller leigekontrakt for bustad som gjeld for minst 6 månader. Dersom leigekontrakta di er eldre enn 3 månader, må du ha med ei stadfesting frå huseigar som viser at  leigekontrakta fortsatt er gyldig.
  • Dersom du skal jobbe i Noreg, må du òg ta med deg arbeidskontrakt som er gyldig for 6 månader eller meir. Dersom kontrakten din er eldre enn 3 månader, må du ha med ei stadfesting frå arbeidsgivar som viser at  kontrakten framleis er gyldig.
  • Gjer du arbeidsoppdrag for bemanningsføretak, må du ha med deg stadfesting på oppdrag som skal vare i  minst 6 månader.
  • Driv du eiga næringsverksemd må du ha med stadfesting på dette.
  • Stadfesting på studieplass dersom du skal studere.
  • Eventuell annan dokumentasjon som viser at du skal opphalde deg i Noreg i 6 månader eller meir.

Barn under 18 år som flyttar åleine

Dersom eit barn under 18 år flyttar åleine til Noreg for å bu saman med mor, far eller eit anna familiemedlem, må det framleggast dokumentasjon som viser at barnet har til hensikt å bu i Noreg i 6 månader eller meir. Dette kan til døme være ein stadfestelse frå barnehage, skule eller helsestasjon.

Flyttemelding

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.