Dette må nordiske borgarar ha med seg på ID-kontroll

  • Skriv ut

Er du norsk, svensk, dansk, finsk eller islandsk statsborgar, og skal melde flytting til Noreg, må du møte opp på eitt av 42 utvalde skattekontor for ID-kontroll.

Ta med deg følgjande dokumentasjon:

  • Pass eller nasjonalt ID-kort, som viser bilete, statsborgarskap og kjønn. Dersom du flyttar til Noreg frå eit anna nordisk land, godtek ein også gyldig førarkort saman med utskrift frå fråflyttingslandet sitt folkeregister som viser statsborgarskap og kjønn. Utskrifta må vere datert og ikkje eldre enn 3 månader. Den må òg vere underskriven og stempla.
  • Gyldig kontrakt på kjøp av bustad eller leigekontrakt for bustad som gjeld for minst 6 månader. Dersom leigekontrakta di er eldre enn 3 månader, må du ha med ei stadfesting frå huseigar som viser at  leigekontrakta fortsatt er gyldig.
  • Dersom du skal jobbe i Noreg, må du òg ta med deg arbeidskontrakt som er gyldig for 6 månader eller meir. Dersom kontrakten din er eldre enn 3 månader, må du ha med ei stadfesting frå arbeidsgivar som viser at  kontrakten framleis er gyldig.
  • Gjer du arbeidsoppdrag for bemanningsføretak, må du ha med deg stadfesting på oppdrag som skal vare i  minst 6 månader.
  • Driv du eiga næringsverksemd må du ha med stadfesting på dette.
  • Stadfesting på studieplass dersom du skal studere.
  • Eventuell annan dokumentasjon som viser at du skal opphalde deg i Noreg i 6 månader eller meir.

Dersom du flyttar frå eit nordisk land saman med barn under 18 år, blir det i tillegg kravd at:

  • den eller dei med foreldreansvaret, og som barnet budde saman med på fråflyttingsadressa, skal underskrive meldinga.
  • dersom berre ein av foreldra budde saman med barnet på fraflyttingadressa, må det målberast dokumentasjon på dette, til dømes bustadsattest frå landet dei flyttar frå.
  • dersom barnet flyttar saman med ein forelder som har eineansvar for barnet, må dette ansvaret dokumenterast med for eksempel utskrift frå folkeregisteret i landet.
  • dersom barnet flyttar ut frå felles heim og foreldreansvaret er delt, krevst det signatur og kopi av legitimasjon frå den av foreldra som ikkje flyttar med.
  • barnet må ha med seg gyldig legitimasjonsdokument, med mindre barnet står oppført i passet til foreldra.

Barn under 18 år som flyttar åleine

Dersom eit barn under 18 år flyttar åleine til Noreg for å bu saman med mor, far eller eit anna familiemedlem, må det framleggast dokumentasjon som viser at barnet har til hensikt å bu i Noreg i 6 månader eller meir. Dette kan til døme være ein stadfestelse frå barnehage, skule eller helsestasjon.

Flyttemelding

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.