Einslege mindreårige og overføringsflyktningar – info om ID-kontroll

  • Skriv ut

Einslege mindreårige og overføringsflyktningar med vedtak om mellombels opphaldsløyve frå UDI, skal ikkje lenger møte på eitt av dei 42 ID-kontora for å melde innflytting.

Når ein einsleg mindreårig eller overføringsflyktning får innvilga opphaldsløyve, vil UDI på vegner av personen melde innflytting.

På bakgrunn av opplysningar frå UDI vil Skatteetaten bustadsregistrere personen og tildele eit fødselsnummer. Personen får tilsendt ei kvittering frå Skatteetaten med fødselsnummeret. Kvitteringa blir sendt til den oppgitte adressa.

Den nye ordninga er eit samarbeid mellom Skattedirektoratet (SKD), Utlendingsdirektoratet (UDI) og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI).

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.