Opphaldskort er godkjent som legitimasjonsdokument for einskilde grupper innvandrarar

  • Skriv ut

Dersom du skal melde innflytting til Noreg, kan du legitimere deg med Schengen-standardisert opphaldskort utferda av norske styresmakter, dersom du høyrer til ei av desse gruppene:

  • Du har fått innvilga opphaldsløyve på grunnlag av vern, opphald på humanitært grunnlag eller menneskehandel. Har du reisebevis for flyktningar eller Utlendingspass utferda av norske styresmakter, kan du òg legitimere deg med det. Det er elles Utlendingsdirektoratet som melder innflytting for einslege mindreårige og overføringsflyktningar. 
  • Du har fått innvilga opphaldsløyve frå Utlendingsmyndigheitene, men du får ikkje utferda pass frå styresmaktene i heimlandet ditt eller identitetsdokumenta frå heimlandet ditt blir ikkje godkjende av norske styresmakter.

Barn under 18 år som flyttar åleine

Dersom eit barn under 18 år flyttar åleine til Noreg for å bu saman med mor, far eller eit anna familiemedlem, bør ein leggje fram dokumentasjon som viser at barnet har planar om å bu i Norge i 6 månader eller meir. Dette kan til dømes vere ei stadfesting frå barnehage, skule eller helsestasjon.

Flyttemelding

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.