Bustadnummer/Bueiningsnummer

  • Skriv ut

Skal du flytte til ei adresse som er felles for fleire bueiningar, til dømes ein bygard, ei blokk eller ei utleigeleilegheit i ein einebustad? Om bueininga du flytter inn i ikkje har ei eiga adresse med husnummer, eller husnummer og bokstav - da må du opplyse om bustadnummeret til bueininga di i flyttemeldinga.

Bustadnummeret er ein del av den offisielle adressa for leilegheiter i fleirbustadhus og fortel kva for leilegheit i bygningen du bur i.

Kvar finn eg bustadnummeret?

Bustadnummeret skal vere klistra på døra, eller på innsida av dørkarmen inn til leilegheita di. Bustadnummeret består av ein bokstav og fire tal.

Dersom du ikkje kjenner bustadnummeret ditt, eller du ønskjer eit nytt adressemerke til dørkarmen din, må du ta kontakt med kommunen du bur i.

Kvifor skal eg opplyse om bustadnummer?

Ved å opplyse om bustadnummeret ditt til folkeregisteret, gjer du det lettare for ambulanse, politi og brannvesen å finne raskare fram til leilegheita di.

Bustaden din har ikkje bustadnummer dersom…

…du bur i fleirbustadhus der kvar bueining allereie har si unike adresse (til dømes kvart sitt husnummer eller felles husnummer, men kvar sin bokstav).

…du bur i ein einebustad med eintydig adresse (berre ei bueining).

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.