Flyttemelding for barn under 18

  • Skriv ut

For personar under 18 år, må den eller dei som har foreldreansvaret – og som barnet bur fast saman med – skrive under på flyttemeldinga.

Kven skal skrive under når?

Dersom det på flyttetidspunktet er slik at

  • begge foreldra er registrert busette saman med barnet og har felles foreldreansvar, og den eine tar med seg barnet og flyttar ut av ein felles heim, må begge skrive under på flyttemeldinga.
  • barnet er registrert busett saman med begge foreldra, men berre den eine har foreldreansvar, er det nok at denne skriv under på flyttemeldinga.
  • barnet er registrert busett hjå den eine av foreldra med felles foreldreansvar, held det at denne skriv under på flyttemeldinga.
  • barnet er registrert busett hjå den eine av foreldra med felles foreldreansvarmen det foreligg avtale om delt bustad. Da må begge foreldra skrive under flyttemeldinga.
  • barnet er registrert busett hjå ein forelder som ikkje har foreldreansvar, skal den som har foreldreansvaret skrive under på flyttemeldinga.

Når det gjeld flytting til land utanfor Norden, er regelen at den som har foreldreansvaret åleine, fritt kan flytte med barnet til utlandet. Dersom foreldreansvaret er felles, er det likevel ein føresetnad at den andre samtykkjer i utvandringa ved å skrive under på flyttemeldinga.

Slik melder du flytting for barnet

Det enklaste er om den eine forelderen sender elektronisk flyttemelding kun for barnet, i tillegg til at den andre har barnet med på si flyttemelding. Da godtar vi det som underskrift frå den andre.

Melding om flytting til utlandet kan ikkje i noko tilfelle leverast elektronisk. Last ned skjema RF-1400

Flyttemeldingar

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.