Eg er student og skal flytte i Noreg for å studere. Må eg melde flytting til folkeregisteret?

Som student kan du velje om du vil halde fram med å vere folkeregistrert på heimstaden din, eller om du vil registrerast på ny bustad ved studiestaden. Hugs at det er den folkeregistrerte adressa di som avgjer kva for ein kommune du kan røyste i.

NB! Dersom du skal behalde den folkeregistrerte adressa di på heimstaden, må du ha tilknyting dit gjennom foreldre eller ektefelle/barn.