Kan eg melde flytting for andre enn meg sjølv?

Samtidig som du melder flytting for deg sjølv, kan du melde flytting for andre i husstanden som flyttar med deg. Utgangspunktet er at du melder flytting samla for heile familien/husstanden på det same skjemaet. Dette kan du gjere anten elektronisk, eller på eit papirskjema som du sender til skattekontoret.

NB! For personar under 18 år, er det den eller dei som har foreldreansvaret, og som barnet er registrert som busett hjå, som har plikt til å melde flytting og signere på skjemaet. Dersom foreldra har felles foreldreansvar og det finst avtale om delt bustad, skal begge foreldra skrive under flyttemeldinga. Dette kan ikkje gjerast elektronisk.