Kan eg registrere fleire adresser når eg melder flytting?

Du kan ikkje ha fleire folkeregistrerte bustadadresser, men du kan leggje til ei postadresse utan at det endrar den folkeregistrerte bustadadressa di. Postadressa blir då brukt av Skatteetaten og dei fleste andre statlege myndigheiter. Du må sjølv melde adresseendring til Posten for at all posten din skal kome fram.