Korleis veit eg at adressa min er endra?

Når vi har registrert den nye folkeregistrerte adressa di, sender vi deg eit brev som stadfestar adresseendringa. Brevet blir sendt til den nye folkeregistrerte adressa di. Hugs å setje namn på postkassa di.

Du kan enkelt sjekka om adressa er endra ved å logga deg inn i Altinn.  Din folkeregistrerte adresse vert vist under "Kontaktinformasjonen din". Om du sjølv har meldt ei postadresse til Folkeregisteret av di du har pendlaradresse, postboks eller anna, så blir denne adressa vist.

Hugs òg å gje melding til Posten om postadresseendringa di.