Kvifor må eg melde flytting til folkeregisteret?

Du har plikt til å melde flytting til folkeregisteret. Den folkeregistrerte adressa di har innverknad på rettane og pliktene du har i samfunnet. Den avgjer mellom anna i kva for kommune du kan røyste.

Dersom du treng ytingar frå det offentlege, er det viktig at du er registrert busett i den kommunen det gjeld.

Folkeregisteret dannar grunnlaget for folketalsstatistikken. Denne statistikken er viktig mellom anna for planlegging av barnehagar, skular, bustadfelt, kollektivtrafikk, eldretilbod, sjukeheimsplassar og andre offentlege tenester.