Reglar for EØS-pendlarar

  • Skriv ut

Innanlandske arbeidspendlarføresegner gjeld òg for pendlarar frå EØS-land.

Dette inneber at personar som oppheld seg i ein norsk kommune på grunn av inntektsgivande jobb, og som pendlar til eit land innanfor EØS-området, kan bli unnateke frå registrering i Noreg dersom vilkåra for pendling er oppfylte.

Skal du vurderast som EØS-pendlar må du leggje fram følgande dokumentasjon:

  • arbeidskontrakt
  • bustadkontrakt i Noreg
  • dokumentasjon på bustad i heimlandet
  • dokumentasjon på heimreiser (dersom du har vært i Noreg ei stund)

Utanlandske statsborgarar som blir unnateke frå registrering i folkeregisteret, vil ikkje lenger ha røysterett ved lokalval.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.