Introduksjonsstønad for nykomne flyktningar - skattespørsmål

  • Skriv ut

Introduksjonsordninga gjeld for innvandrarar mellom 18 og 55 år med flyktningbakgrunn som nyleg har kome til landet.

Ordninga blir administrert av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), og kombinerer eit introduksjonsprogram med ein introduksjonsstønad. Stønaden er skattepliktig

For deg som får introduksjonsstønad

Skattekort og forskotstrekk

Introduksjonsstønaden er ei skattepliktig inntekt. Den som utbetalar stønaden, må syte for at det blir trekt skatt før stønaden blir utbetalt. Skatten blir trekt på grunnlag av stønadmottakars skattekort. Du må difor bestille skattekort. Skattekortet er elektronisk og du skal ikkje levere skattekortet til stønadsutbetalar. Når du har bestilt skattekort, vil stønadsutbetalar hente ditt skattekort elektronisk.

Ved utskriving av skattekort tek ein m.a. omsyn til om du har arbeidsinntekt i tillegg til stønaden, om du har utgifter som gir rett til frådrag ved likninga, om du har formue eller gjeld og kva for skatteklasse du er i. Er du gift og skal liknast saman med ektefellen eller er einsleg forsørgjar for barn, blir du likna i skatteklasse 2. Elles blir du likna i skatteklasse 1.

Skattetrekket skal dekkje utrekna skatt og trygdeavgift. Du kan be skattekontoret om endring av skattekortet dersom du meiner at du blir trekt for mykje eller for lite.

Sjølvmelding, likning og skatteoppgjer

I mars/april får du sjølvmeldinga. Her skal du kontrollere og oppgi kva for inntekter du hadde siste år. Før skatten blir utrekna, kan du trekkje frå einskilde utgifter som du har betalt sjølv.

Du kan òg krevje ”minstefrådrag” som er eit standardfrådrag. 

Du betalar 25 prosent skatt av inntekta du sit att med etter frådraga.

I tillegg betalar du 5,1 prosent trygdeavgift av brutto stønadsbeløp. Dersom du har hatt arbeidsinntekt i tillegg til introduksjonsstønaden, skal trygdeavgifta for arbeidsinntekta vere 8,2 prosent. Introduksjonsstønad gir inga opptening av pensjonspoeng.

Samla inntekt, inkludert introduksjonsstønad, over visse beløpsgrenser, skal det betalast trinnskatt av.

Skattekontoret reknar ut kor mykje skatt du skal betale ut frå opplysningane i sjølvmeldinga og andre opplysningar skattekontoret har om deg.

Du får skatteoppgjeret anten i juni eller oktober. Då får du vite om du allereie har betalt rett beløp i skatt, eller om du har betalt for mykje eller for lite.

Kva kommunen må gjere

Forskotstrekk

Den som utbetalar introduksjonsstønaden skal trekkje skatt. Skatten skal trekkjast på grunnlag av stønadsmottakaren sitt skattekort.

Stønadsmottakaren må difor bestille skattekort før kommunen kan hente det elektronisk fra Skatteetaten. Ved utskriving av skattekortet blir det m.a. teke omsyn til arbeidsinntekt i tillegg til stønaden, reiseutgifter, utgifter til barnepass, rentekostnader og formue. Forskotstrekket skal i tillegg til skatten dekkje ei eventuell trygdeavgift.

Rapporteringsplikt

Kommunen må rapportere introduksjonsstønad og forskuddstrekk i a-meldinga. Sjå veiledning.

Etter inntektsårets utløp skal kommunen sende ein samanstilling til stønadsmottaker over rapportert beløp.

Arbeidsgivaravgift

Kommunen skal ikkje betale arbeidsgivaravgift av introduksjonsstønad.

Informasjon om introduksjonsstønaden finn du hjå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (www.imdi.no)

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.