Fødselsnummer

  • Skriv ut

Tips ein venn

Tips ein venn

Eit fødselsnummer er eit ellevesifra identifikasjonsnummer. Alle som er folkeregistrerte i Noreg har eit fødselsnummer.

Har du nettopp fått barn?

Skatteetaten gir barnet eit fødselsnummer etter at sjukehuset har sendt fødselsmelding til Skatteetaten.

Desse får tildelt fødselsnummer

  • Alle som blir fødde i Noreg
  • Alle som buset seg i Noreg
  • Norske statsborgarar fødde eller busette i utlandet som treng fødselsnummer i samband med utferding av norsk pass

Oppbygging av fødselsnummeret

  • Fødselsnummeret er samansett av 11 siffer
  • Dei seks første sifra viser fødselsdato i rekkjefølgja dato, månad, år
  • Dei tre neste sifra er individnummer der det tredje nummeret viser til kjønn, partal viser til kvinne og oddetall viser til mann
  • Dei to siste sifra er kontrollsiffer
  • Personnummeret er dei fem siste sifra i fødselsnummeret
  • Dei tre sifra som er individnummeret, blir tildelt fortløpande innanfor den einskilde fødselsdatoen. Som individsiffer for personar fødde i:
    a) 1854-1899, nyttar ein serien 749-500
    b) 1900-1999, nyttar ein serien 499-000
    c) 1940-1999, nyttar ein òg serien 999-900
    d) 2000-2039, nyttar ein serien 999-500

Eit døme

Dag Månad År Individnummer Kontrollsiffer
01 12 99 551 31


Av det første sifferet i individnummeret går det fram at personen er fødd på 1800-talet og av det siste sifferet at det er ein mann. Nummeret i dømet høyrer til ein mann som er fødd 1. desember 1899. Av personvernmessige årsaker er fødselsnummeret i dømet fiktivt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.