Farskap og foreldreansvar

  • Skriv ut

Dersom de (mann og kvinne) er gifte når barnet blir fødd, blir mannen automatisk rekna som far til barnet. Dersom de er separerte eller ikkje gifte, må far erklære farskapet.

Dersom de er separerte eller ikkje er gifte, kan far erklære farskapet under svangerskapet, i samband med fødselen eller etter fødselen. 

Far kan erklære farskapet på desse stadene:

  • På skattekontoret
  • Hjå NAV eller dommaren
  • Hjå jordmor eller lege i samband med svangerskapskontroll
  • På sjukehuset ved fødsel
  • Hjå ein norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandet

Dersom den som har erklært farskapet ikkje er oppgitt som far i fødselsmeldinga, må mor godkjenne farskapet.

Foreldreansvar

Desse får automatisk felles foreldreansvar:

  • Foreldre som er gifte
  • Sambuarar som var registrerte på same adresse i folkeregisteret då farskapet blei erkjent. Dette gjeld for barn fødde frå og med 1. januar 2006.

I andre tilfelle (inkludert barn fødde før 1. januar 2006) får mora foreldreansvaret åleine, med mindre foreldra har avgitt sambuarerklæring / inngått ein avtale om felles foreldreansvar.

Les meir om foreldreansvar

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.