Barn fødde i utlandet

  • Skriv ut

Er de norske foreldre som har fått barn i utlandet? For at barnet skal bli registrert busett i Noreg, må de møte opp på skattekontoret saman med barnet når de kjem tilbake til Noreg.

Ta med dykk følgjande

  • Passet til barnet
    Passet blir vanlegvis ordna via ein norsk utanriksstasjon før de kjem tilbake til Noreg. 
  • Dersom barnet kjem til Noreg utan pass, og er født i og flyttar til Noreg frå eit anna nordisk land, kan de i staden for pass ta med fødselsregisterutskrift/fødselsattest og eit fotografi av barnet tilsvarande eit passfoto.
  • Viss barnet er fødd i og flyttar til Norge frå andre land i Schengen-området enn dei nordiske, skal barnet grunna legitimasjonsplikten i disse landene ha fått ordna pass via norsk utenriksstasjon før de flyttar til Norge. Skulle barnet likevel ha kome til Norge utan pass, kan de i staden for pass ta med fødselsregisterutskrift/fødselsattest og eit fotografi av barnet tilsvarande eit passfoto. 
  • Utfylt flyttemelding for barnet
    De må melde flytting til Noreg for barnet, eventuelt også for dykk sjølve.

Eit barn blir norsk statsborgar dersom ein av foreldra er norsk statsborgar.

Halde fram med å bu i utlandet?

Dersom familien skal bu i utlandet, kan barnet få fødselsnummer i samband med søknad om norsk pass. Dette får de ved å ta kontakt med ein norsk utanriksstasjon i det landet de har opphald i. Hugs å ta med fødselsattesten til barnet.

Dersom barnet er født i

  • Vest-Europa 
  • Estland
  • Kroatia
  • Latvia
  • Polen
  • Slovakia
  • Slovenia
  • Tsjekkia
  • Ungarn 
  • Japan
  • Australia
  • New Zealand
  • USA
  • Canada
  • Den Demokratiske Republikken Kongo (DRC)
  • Ekvatorial Guinea
  • Gabon
  • Republikken Kongo (RC)

må fødselsattesten vere i original eller som stadfesta kopi frå ein norsk utanriksstasjon i landet barnet er født i. Om apostillestempel/legalisering er naudsynt, må avklarast med utanriksstasjonen.

I tillegg til fødselsattest, vil det vanlegvis vere krav om DNA-test dersom barnet er født i

  • Afghanistan
  • Burkina Faso
  • Burundi
  • Elfenbeinskysten
  • Eritrea
  • Etiopia
  • Filippinane
  • Gambia
  • Guinea
  • Irak
  • Jemen
  • Liberia
  • Mali
  • Myanmar (Burma)
  • Nigeria
  • Pakistan
  • Serbia
  • Kosovo
  • Saudi Arabia
  • Sierra Leone
  • Somalia
  • Sri Lanka
  • Uganda
  • Vietnam
  • Saudi Arabia
  • Jemen

Dersom barnet er født i eit anna land enn dei som er nemnt ovanfor, må fødselsattesten vere påført apostille eller vere legalisert av utenriksdepartementet i utferdarlandet.

Mer om fødsler i utlandet

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.