Søknad om medmorskap

  • Skriv ut

Ei medmor er ei kvinne som har fått juridisk foreldrestatus for det biologiske barnet til den kvinnelege ektefellen eller sambuaren sin. Barnet må vere født ved hjelp av assistert befrukting.

For at mor sin ektefelle/sambuar skal bli medmor, må de fylle ut skjemaet Søknad om medmorskap.

Vedlegg

Saman med søknaden må de leggje ved følgjande:

  • Samtykke til assistert befrukting (frå ektefelle/sambuar)
  • Dokumentasjon frå godkjent helsestell som stadfestar at den assisterte befruktinga har funne stad.
  • Dokumentasjon som viser at barnet, når det har fylt 18 år, har rett til opplysningar om identiteten til sædgivaren. Det må gå fram at det finst prosedyrar eller register som gjer at denne retten kan oppfyllast.

Send søknad og vedlegg til

Folkeregistermyndigheita
Skatt Nord
Personregisteret

Postboks 6310
9293 Tromsø

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.