Slik blir dødsfall registrert

  • Skriv ut

Når nokon døyr, skriver sjukehuset eller ein lege ut ein dødsattest. En dødsattest er ein slags legeerklæring om dødsfall.

Som næraste pårørande må du syte for at dødsattesten blir sendt til både tingretten og lensmannen i kommunen der den avlidne budde. Det er vanleg at gravferdsbyrået hjelper til med dette.

Tingretten gir folkeregisteret melding om dødsfallet.

Fordeling av arv

Årsaka til at dødsattesten må sendast til tingretten, er at det er tingretten som tek seg av såkalla skifte av dødsbu. Skifte av dødsbu inneber fordeling av arven, altså det den avlidne etterlet seg.

I Oslo er det Oslo byfogdembete som tek seg av skifte av dødsbu. Elles i landet er det dei lokale tingrettane.

Dødsregister?

Skatteetaten.no er ikkje eit søkbart register over døde personar. På Oslo byfogdembete sine nettsider finn du ei oversikt over registrerte dødsfall i Oslo.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.