Endre opplysningar om identiteten din i folkeregisteret

  • Skriv ut

Den 1. oktober 2017 blei regelverket for korleis ein kan endre folkeregistrerte opplysningar om fødestad, statsborgarskap og fødselsdato, endra.

Med unnatak av fødselsdato og fødestad for personar som er fødde i ein norsk kommune, er det no berre UDI som kan handsame ein søknad om endring av fødselsdato, fødestad og statsborgarskap for personar i desse kategoriane:

  • personar som har opphaldsløyve i Noreg
  • personar som har ei sak til handsaming hjå UDI eller UNE
  • personar som har eit opphaldsløyve som har gått ut
  • personar som har fått innvilga norsk statsborgarskap frå utlendingsforvaltinga og er fødde i eit av desse landa:

Afrika: Burkina Faso, Burundi, Den Demokratiske Republikken Kongo (DRC), Ekvatorial Guinea, Elfenbeinskysten, Eritrea, Etiopia, Gabon, Gambia, Ghana, Guinea, Kenya, Liberia, Mali, Nigeria, Republikken Kongo (RC), Sierra Leone, Somalia, Sudan, Sør-Sudan, Uganda, og Zimbabwe.

Asia: Afghanistan, Bangladesh, Filippinane, India, Irak, Jemen, Myanmar (Burma), Pakistan, Saudi-Arabia, Sri Lanka, Syria og Vietnam.

Europa: Kosovo.

Har du allereie levert søknad til Skatteetaten om å endre opplysningar?

Dersom du allereie har levert ein søknad om å endre dei folkeregistrerte opplysningane dine om fødestad, statsborgarskap eller fødselsdato til folkeregisteret hjå Skatteetaten, sender Skatteetaten søknaden din vidare til UDI. Skatteetaten sender òg alle dokumenta du har levert til UDI.

Du treng derfor ikkje søkje på nytt eller kontakte UDI.

Det kan for tida vere lang ventetid på å få svar på søknad om endring av opplysningar. Når UDI har handsama søknaden får du melding om dette.

Skal du søkje om å endre opplysningar om fødselsdato, fødestad og statsborgarskap?

Dersom du skal søkje om å endre opplysningar om fødselsdato, fødestad eller statsborgarskap, må du heretter kontakte UDI for å få informasjon om korleis du går fram.

Dersom UDI bestemmer at opplysningane dine om fødselsdato, fødestad eller statsborgarskap skal endrast, melder dei frå til skattekontoret, som endrar desse opplysningane i folkeregisteret.

Endring av opplysningar for norske statsborgarar, nordiske statsborgarar og statsborgarar av EU/EØS-land

Skatteetaten skal framleis handsame søknader om endring av fødselsdato, fødestad og statsborgarskap for personar i desse kategoriane:

  • Nordiske statsborgarar
  • Norske statsborgarar, mellom anna personar som har fått innvilga norsk statsborgarskap frå utlendingsforvaltinga og ikkje er fødde i eit av landa som er nemnde ovanfor
  • Statsborgarar av EU/EØS-land

I tillegg er det Skatteetaten som handsamar søknader om endring av fødselsdato og fødestad for ein kvar person som er fødd i ein norsk kommune.

Dersom du høyrer til i ei av desse gruppene, skal du sende søknad om endring av fødselsdato, fødestad og statsborgarskap til:

Skatt nord
Postboks 6310
9293 Tromsø

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.