Melding om avvik i folkeregisteret

  • Skriv ut

Folkeregisteret er det største og viktigaste registeret over personopplysningar i Noreg. Brukarane baserer løysinga av oppgåvene sine på opplysningane i registeret. Det er derfor avgjerande for både den registrerte borgaren og samfunnet at opplysningane i Folkeregisteret er rette.

Registermyndigheita ønskjer difor å få melding dersom det blir avdekt avvik frå det som er registrert i Folkeregisteret, slik at ein kan undersøkje saka og eventuelt registrere endringar.

Meldeplikt for offentlege styresmakter og verksemder

Ny Lov om folkeregistrering tok til å gjelde 1.10.17. Offentlege styresmakter og verksemder blir pålagde å melde frå til Folkeregisteret når opplysningane deira ikkje samsvarer med det som er registrert i Folkeregisteret.

Det hender at andre offentlege organ får informasjon om til dømes adresseendringar eller andre opplysningar som er endra, utan at Folkeregisteret får melding, eller at meldinga kjem lenge etter endringa. Føremålet med regelen er derfor å leggje til rette for at det offentlege medverkar til at Folkeregisteret blir så à jour og korrekt som mogeleg.

Alle opplysningar som blir sende inn blir undersøkt før Folkeregisteret eventuelt blir oppdatert. Den som melder frå, blir ikkje orientert om utfallet av saka, men kan sjølv sjekke ved å slå opp i Folkeregisteret.

Meldinga skal sendast per brev

Inntil vi har fått på plass ei elektronisk løysing for melding om avvikande opplysningar, ber vi om at meldinga blir sendt per brev til denne adressa:

Skatt Øst Grålum 
Melding om avvikande opplysningar 
Postboks 1073, Valaskjold 
1705 Sarpsborg

Last ned, fyll ut og send oss

Skjema for tips til Folkeregisteret (bokmål)

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.