Starthjelp for lønnstakarar og pensjonistar

Starthjelpen er ei rettleiing til korleis du fyller ut sjølvmeldinga.

Kontroller sjølvmeldinga!

Sjekkliste

Meir informasjon

Sjølvmeldingstypar

Levering av sjølvmeldinga

Slik loggar du inn

Viktig informasjon til deg som er gift / meldepliktig sambuar og er pensjonist/uførepensjonist og har låg pensjon

Elektronisk kommunikasjon

Pliktige skjema

Feil eller ufullstendige opplysningar

Endring av postar i sjølvmeldinga

Når kjem skatteoppgjeret?

Klage på likninga

Ektefellar

Kontroller sjølvmeldinga!

I «Rettleiing til postane» finn du kvar i sjølvmeldinga inntekt/frådrag og formue/gjeld skal førast. Du kan også få hjelp hjå Skatteetaten.

Du har sjølv ansvar for å gi opp all skattepliktig inntekt og formue og føre opp frådrag og gjeld. Dette gjeld òg tilhøve som ikkje er førehandsutfylte i sjølvmeldinga. Du må òg sørgje for å endre førehandsutfylte beløp som er feil.

Bruk lønns- og trekkoppgåver, pensjonsoppgåver og årsoppgåver som du har fått tidlegare i år, til å kontrollere beløpa.

Dersom du endrar lønn og pensjon, må du hugse å oppgi lønnsoppgåvekoden. Då vil du få rekna ut minstefrådrag automatisk. Dermed kan du rekne ut skatten i løysinga, sjå skatteetaten.no/skatteberegning.

Skatteetaten får ikkje inn opplysningar om alle frådrag du kan ha krav på. Pass derfor på å føre opp frådrag som ikkje er førehandsutfylte i sjølvmeldinga. Då unngår du å betale for mykje skatt. For informasjon om frådrag, sjå «Rettleiing til postane» og skatteetaten.no/fradrag.

Har du krav på frådrag for utgifter til barnepass (foreldrefrådrag)? Sjekk at beløpet er rett.

Dersom du i løpet av året har skifta arbeidsplass eller bustad, kan eit eventuelt førehandsutfylt reisefrådrag vere feil. Det same gjeld dersom du ikkje har vore i arbeid heile året eller har endra stillingsbrøk.

Er du einsleg forsørgjar for barn under 18 år, får du særfrådrag for einsleg forsørgjar dersom du har motteke utvida barnetrygd frå NAV i 2013. Sjå temaet «Særfrådrag for einsleg forsørgjar» i «Rettleiing til postane». For 2013 blir einslege forsørgjarar likna i skatteklasse 1. Sjå skatteetaten.no/rettledningen.

Ved dødsfall: Det blir ikkje sendt ut sjølvmelding for personar som er gått bort i 2013. Den attlevande ektefellen kan få tilsendt den førehandsutfylte sjølvmeldinga til den avdøde ved å ta kontakt med Skatteetaten. Andre arvingar får utlevert sjølvmeldinga ved å dokumentere for Skatteetaten at dei er arving. Skifteattest, annan attestasjon frå tingretten eller kopi av testamentet må leggjast fram. I tillegg må du vise legitimasjon.

Sjå skatteetaten.no/avdode.

Til toppen

Sjekkliste

Du kan lese meir om postane nedanfor i «Rettleiing til postane»

Det kan vere aktuelt å gjere endringar eller tillegg i sjølvmeldinga dersom du i 2013 m.a. har hatt:

Aksjar

Formue, utbytte, kjøp eller sal av aksjar/eigenkapitalbevis.

Postane 3.1.5, 3.1.7, 3.1.8, 3.1.10, 3.3.8, 3.3.10 og 4.1.8

Alderspensjon

Sjå temaet «Skattefrådrag for pensjonsinntekt og skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt» – overskrifta «Alderspensjonistar – skattefrådrag for pensjonsinntekt» i «Rettleiing til postane».

Barnehage/dagmamma/SFO

Utgifter til pass og stell av barn (gjeld òg kostnader til transport).

Post 3.2.10

Bil og/eller båt

Kjøpt eller selt båt, bil eller campingvogn.

Postane 4.2.4, 4.2.5 og 4.2.6

Bustad og/eller fritidsbustad – inntekter/frådrag/formue

Sjå temaet «Bustad og annan fast eigedom» i «Rettleiing til postane».

Postane 4.3.2, 4.3.3 og 4.6.1

Eingongserstatning og forsikringsutbetaling til barn og ungdom ved personskade og tap av forsørgjar

Sjå temaet «Foreldre og barn» i «Rettleiing til postane».

Einsleg forsørgjar

Er du einsleg forsørgjar for barn under 18 år får du særfrådrag for einsleg forsørgjar dersom du har motteke utvida barnetrygd fra NAV i 2013. Sjå temaet «Særfrådrag for einsleg forsørgjar» i «Rettleiing til postane». For 2013 liknes einslege forsørgjare i skatteklasse 1. Post 3.5.5

Fri bustad utanfor arbeidsforhold (føderåd)

Postane 2.2.2 og 2.6.2

Fri bustad utanfor arbeidsforhold

Post 3.1.12

Kjøp eller sal av bustad

Post 2.8.4 (skattepliktig gevinst) og 3.3.6 (tap som gir frådragsrett).

Utleige av bustad/fritidsbustad

Post 2.8.2 og 3.3.12

Utleige av fritidsbustad du nyttar sjølv

Postane 2.8.3 og 2.8.5

Festa (bygsla/leigd) tomt

Sjå temaet «Festetomter til bustad- og fritidshus» i «Rettleiing til postane».

Lån til/frå private

Pengar lånt til eller frå familie eller vener.

Postane 3.1.2, 3.3.1, 4.1.6 og 4.8.1

Næringsinntekt/­underskot

Postane 2.1.3, 2.7 og 3.2.19

Pendlarkostnader

Budd utanfor heimen på grunn av arbeidet.

Postane 3.2.7 og 3.2.9

Reiseutgifter heim–arbeid/besøksreiser

Reisefrådrag på meir enn kr 13 950.

Postane 3.2.8/3.2.9

Renteinntekt – ekstraskattlegging

Post 3.1.3

Sjukdomskostnader

Regelen om særfrådrag for store sjukdomskostnader blei oppheva frå og med inntektsåret 2012. Fekk du særfrådrag både for 2010 og 2011, kan du som tidlegare krevje særfrådrag også for 2013. Du kan likevel ikkje krevje særfrådrag for utgifter som er knytte til tannbehandling, transport og bustad. Dette gjeld sjølv om du fekk særfrådrag for slike utgifter ved likninga for 2010 og 2011. For inntektsåret 2013 skal det gjerast ei nedtrapping av særfrådraget. For inntektsåret 2013 blir det gitt særfrådrag med 67 prosent av utgifter som gir frådragsrett. Denne reduksjonen blir gjort automatisk. Du fører opp heile den frådragsgivande kostnaden du har hatt. Sjå temaet «Særfrådrag for store sjukdomskostnader» i «Rettleiing til postane» og skatteetaten.no/sykdomsutgifter.

Post 3.5.4

Underhaldsbidrag

Motteke frå eller betalt til fråseparert eller tidlegare ektefelle.

Postane 2.6.1 og 3.3.3

Underskot

Sjå til at rett underskot frå tidlegare år er ført til frådrag i 2013.

Post 3.3.11

Utland – inntekt og formue

Post 1.5.6, 2.2.2, 2.2.3, 2.8.5, 3.1.11, 3.3.2, 4.1.9, 4.6.1, 4.6.2 og 4.8.3

Til toppen

Meir informasjon

Rettleiingar:

Brosjyrar med informasjon til utanlandske arbeidstakarar med opphald i Noreg:

Andre aktuelle brosjyrar:

  • Avgift på arv og gaver
  • Familiebarnehager og skatt
  • Frådrag for arbeidsreiser – reiser mellom heim og fast arbeidsstad
  • Lønnsarbeid i heimen
  • Regler for pendlere
  • Regler for salg av fast eigedom
  • Skatt ved utleie av bolig og fritidseiendom
  • Skatteregler ved barnepass
  • Ungdom, arbeid og skatt
  • Au pair i Norge

Du finn dette og meir informasjon på skatteetaten.no eller ved å kontakte Skatteetaten.

Til toppen

Sjølvmeldingstypar

Personlege skattytarar får anten

  • «Sjølvmelding for lønnstakarar og pensjonistar o.a.» eller
  • «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.»

Til toppen

Levering av sjølvmeldinga

Leveringsmåtar

  • Det enklaste er å levere sjølvmeldinga på skatteetaten.no.
  • Du kan levere på papir.
  • Har du fått sjølvmelding for lønnstakarar og pensjonistar og er dei førehandsutfylte opplysningane fullstendige og korrekte, treng du ikkje å levere sjølvmeldinga (leveringsfritak).

Sjå skatteetaten.no/selvangivelse

Førehandsutfylte opplysningar

Opplysningar som Skatteetaten har fått frå arbeidsgivarar, bankar, forsikringsselskap, barnehagar o.a., er førte inn i sjølvmeldinga.

Du må kontrollere at dei førehandsutfylte opplysningane er fullstendige og korrekte. Har du andre opplysningar som har innverknad på likninga, må du føre desse inn i rett post. Over er det vist til postar det kan vere særleg aktuelt å gjere tillegg eller endringar i.

Du treng ikkje å levere sjølvmeldinga dersom opplysningane i den sjølvmeldinga du har fått, er fullstendige og rette.

Dersom du vel å nytte leveringsfritak, bør du likevel arkivere den elektroniske sjølvmeldinga som du har motteke, ved å trykke på knappen «arkiver». Då finn du att sjølvmeldinga i arkiv når du har behov for desse opplysningane.

Dersom innhaldet i sjølvmeldinga ikkje er korrekt eller du har noko å tilføye, må ho korrigerast og leverast før fristen går ut 30. april 2014. Dersom ho ikkje blir levert innan fristen, blir ho rekna for å vere levert med dei førehandsutfylte opplysningane. Dersom opplysningane er feil eller ufullstendige, kan du få tilleggsskatt.

Enkelt å levere elektronisk

Dersom du ikkje kan bruke ordninga med leveringsfritak, tilrår Skatteetaten at du leverer sjølvmeldinga elektronisk. Endringar og tillegg kan gjerast raskt og enkelt med nokre få tastetrykk. Systemet vil hjelpe deg med å fylle ut sjølvmeldinga. Du vil få skatten utrekna elektronisk like etter at du har gjort endringar. Er sjølvmeldinga rett, veit du med ein gong om du får pengar att eller om du må betale restskatt.

Skatteplikt til fleire kommunar

Sjølv om du er skattepliktig til fleire kommunar, skal du berre levere sjølvmeldinga til Skatteetaten éin gong.

Har du blitt næringsdrivande i 2013?

Dersom du har starta personleg næringsverksemd (enkeltperson-føretak) utan at Skatteetaten kjenner til det, har du fått tilsendt «Sjølvmelding for lønnstakarar og pensjonistar o.a.». Det same gjeld dersom du er blitt deltakar i KS, DA, ANS o.a. Du har då bruk for «Starthjelp for næringsdrivande». Denne kan du laste ned frå skatteetaten.no/starthjelp-naering eller få på skattekontoret. Vi tilrår at du leverer sjølvmeldinga elektronisk. Då finn du alle aktuelle skjema i den elektroniske sjølvmeldinga. Meir informasjon om levering av sjølvmeldinga finn du i «Rettleiing til postane». Har du i 2013 vore deltakar i eit deltakarlikna selskap som sender inn selskapsoppgåva elektronisk, har du frist til 31. mai 2014. Sjølvstendig næringsdrivande som leverer elektronisk og har motteke sjølvmelding for næringsdrivande, har òg frist til 31. mai 2014.

Til toppen

Slik loggar du inn

Innloggingsalternativa nedanfor gir deg elektronisk tilgang til sjølvmeldinga di på skatteetaten.no:

1. ID-porten/MinID

Dersom du har registrert deg som brukar av ID-porten/MinID og oppgitt mobilnummer og e-postadresse, får du eingongskodar straks på SMS. Du må ha dette for å registrere deg:

- Fødselsnummer/D-nummer

- Mobilnr. og/eller e-postadresse

- PIN-kodar (dersom du treng PIN-kodar til MinID, bestiller du på pinbestilling.difi.no )

2. BankID

3. Buypass

4. Commfides

Etter å ha valt innloggingsalternativ følgjer du rettleiinga du får undervegs.

Til toppen

Viktig informasjon til deg som er gift / meldepliktig sambuar og er pensjonist/uførepensjonist og har låg pensjon

 Har du låg alderspensjon frå folketrygda eller AFP, kan ei fordeling av kapitalinntekter og kapitalutgifter mellom deg og ektefellen/meldepliktig sambuar få innverknad for kor stort skattefrådrag du kan få. Er du gift / meldepliktig sambuar og uførepensjonist med låg inntekt, kan ei slik fordeling påverke i kva grad du/de kan få skatteavgrensing.

Les meir om temaet «Skattefrådrag for pensjonsinntekt og skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt» i «Rettleiing til postane», «Skattereglar for pensjonistar» og «Pensjonistar som er gifte og har låg pensjon kan i visse tilfelle få lågare samla skatt». Sjå skatteetaten.no

Til toppen

Elektronisk kommunikasjon

Stat og kommune ønskjer eit felles kontaktregister for å kommunisere elektronisk med innbyggarane. Registeret inneheld mobilnummeret og e-postadressa du sjølv har lagt inn dersom du tidlegare har logga inn på offentlege tenester. Står du i kontaktregisteret, vil du få framtidige skatteoppgjer elektronisk, og du blir varsla på mobil eller e-post når det er klart.

Dersom du aldri har logga deg inn på offentlege tenester, må du melde deg på for å få framtidige brev,  skatteoppgjer og sjølvmeldingar elektronisk: skatteetaten.no/ebruker

Fordelane med elektronisk kommunikasjon:

  • Du får sjølvmeldinga tidlegare enn dei som vel papir.
  • Du får raskare svar på ei sak eller ein førespurnad, fordi det offentlege unngår postgang.
  • Du blir varsla med SMS eller e-post når du får post frå det offentlege.
  • Uvedkomande får ikkje tilgang til dei personlege opplysningane dine.
  • Du er med på å spare miljøet og redusere offentlege utgifter.

Andre offentlege etatar vil også gradvis gå over til elektronisk kommunikasjon.

Ønskjer du å reservere deg mot elektronisk brev, skatteoppgjer, sjølvmelding o.a., må du gå inn på skatteetaten.no/ebruker

Leveringsfrist 30. april

Frist for levering av sjølvmeldinga er 30. april 2014. Du kan søkje Skatteetaten om utsett leveringsfrist dersom du har særlege grunnar, til dømes sjukdom eller reisefråvær, som gjer det svært vanskeleg for deg å levere sjølvmeldinga innan fristen. Søk etter skjemaet RF-1115 på skatteetaten.no/skjema for å få meir informasjon om utsetjing. Dersom du søkjer elektronisk, får du straks svar på søknaden om utsetjing.  Dersom du ikkje ønskjer å søkje elektronisk, må du snarast sende ein skriftleg søknad der du gir opp fødselsnummer, namn og adresse og gir ei kort grunngiving for søknaden.

Pliktig dokumentasjon

Saman med sjølvmeldinga skal du alltid sende inn:

  • dokumentasjon på gjeldsrenter i utlandet
  • dokumentasjon på betalt skatt i utlandet dersom du krev kreditfrådrag eller inntektsfrådrag

Leverer du sjølvmeldinga på skatteetaten.no, kan du levere pliktig dokumentasjon anten som elektroniske vedlegg eller på papir innan sjølvmeldingsfristen. Hugs å merkje vedlegga på papir eller skanna eksemplar med namn og fødselsnummer.

Annan dokumentasjon treng du berre sende inn dersom Skatteetaten ber om det.

Ver likevel merksam på at du kan bli beden om dokumentasjon også etter at du har motteke skatteoppgjeret. Ta derfor vare på dokumentasjonen.

Til toppen

Pliktige skjema

Alle vedlegg finn du under arkfana «vedlegg» i den elektroniske sjølvmeldinga og på skatteetaten.no/skjema.

 Du må fylle ut eigne skjema når du:

  • Har selt aksjar eller eigenkapitalbevis, sjå postane 3.1.8, 3.1.10, 3.3.8 og 3.3.10 i «Rettleiing til postane». Skjema RF-1059
  • Har leigd ut bustad/fritidsbustad som skal rekneskapsliknast, sjå temaet «Bustad og annan fast eigedom» i «Rettleiing til postane». Skjema RF-1189
  • Krev frådrag for faktiske bilkostnader, sjå temaet «Bil» i «Rettleiing til postane». Skjema RF-1125
  • Krev frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet. Skjema RF-1147
  • Krev nedsetjing av inntektsskatt på lønn og pensjon. Skjema RF-1150
  • Har utanlandsk bankinnskot, skjema RF-1231, sjå post 1.5.6 i «Rettleiing til postane».

Merk alle vedlegg med namn og fødselsnummer når du leverer på papir eller skannar inn dokumentet. Når du leverer elektronisk, blir nesten alle skjemaa henta fram med utfylt namn og fødselsnummer saman med den aktuelle posten.

Til toppen

Feil eller ufullstendige opplysningar

Gir du feil eller ufullstendige opplysningar, må du vanlegvis betale tilleggsskatt.

Tilleggsskatten utgjer 10 eller 30 prosent av den skatten som er eller kunne ha vore unndregen. I alvorlege tilfelle kan det i tillegg påleggjast ein skjerpa tilleggsskatt med 15 eller 30 prosent. Den totale tilleggsskatten blir då 45 eller

60 prosent.

Til toppen

Endring av postar i sjølvmeldinga

Skatteetaten kan endre beløp du har ført i sjølvmeldinga. Hovudregelen er at du får varsel dersom det er aktuelt å gjere endringar.

Skatteetaten treng ikkje varsle deg for å:

  • forhøgje bruttoformue og/eller redusere gjeld som til saman ikkje utgjer meir enn kr 20 000
  • forhøgje inntekt og/eller redusere frådrag som til saman ikkje utgjer meir enn kr 1000
  • stryke ein post som ikkje gir frådragsrett, når du tidlegare har fått stroke ein tilsvarande post ved ei tidlegare likning
  • endre ein skjønnsmessig fastsett formues- eller inntektspost når tilsvarande endring er gjort ved ei tidlegare likning
  • endre, utelate eller leggje til postar som det er klart kjem av rekne- eller skrivefeil eller mistyding av skattelovgivinga, og ei eventuell fråsegn frå deg ikkje vil ha noko å seie for likninga.

Til toppen

Når kjem skatteoppgjeret?

Skatteoppgjera blir ikkje sende ut på spesifikke datoar, men så snart sjølvmeldinga er ferdig handsama. Det vil seie at du kan få oppgjeret ditt i løpet av juni, august eller september eller seinast i oktober. Framleis vil dei fleste få skatteoppgjeret i juni, men det er ikkje mogleg for oss å seie når ditt oppgjer vil vere ferdig. Dei som leverer sjølvmeldinga på papir, vil ikkje få skatteoppgjer i juni. Skatteoppgjera finn du ved å gå inn på "Årets dokument" så snart det er sendt til deg. Er du e-brukar vil du bli varsla på SMS eller e-post med en gong skatteoppgjera ditt er tilgjengeleg i altinn.

Restskatt

Det blir rekna ut eit rentetillegg på restskatt. Restskatt (med rentetillegg) på kr 99 eller lågare blir ikkje kravd inn. Uførepensjonistar og mottakarar av overgangsstønad, etterlatnepensjon, pensjon til familiepleiarar eller supplerande stønad til person med kort butid i Noreg som får skatteavgrensing på grunn av låg inntekt, slepp rentetillegg på restskatt. Om skatteavgrensing, sjå «Skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt» i «Rettleiing til postane».

Du kan få nærmare opplysningar om renteutrekninga og rentesatsane i skatteoppgjeret ved å gå inn på skatteetaten.no eller ved å kontakte skatteoppkrevjaren/kemneren eller Skatteopplysninga på telefon 800 80 000.

Tilleggsforskot

Vil du unngå renter på restskatt, kan du betale tilleggsforskot innan 31. mai 2014. Tilleggsforskot som blir betalt etter 31. mai, vil ikkje bli teke omsyn til ved skatteoppgjeret.

Du finn informasjon om konto- og KID-nummer for innbetaling av tilleggsforskot på sjølvmeldinga di.

Dersom du vil kontrollere om innbetalt tilleggsforskot er motteke av skatteoppkrevjaren, kan du kontrollere dette ved å logge på «Mine krav og betalingar» og velje arkfana Inn-/utbetalingar. Tenesta finn du på skatteetaten.no/krav-og-betalinger.

Pengar til gode

Har du pengar til gode på skatten, kan du få beløpet inn på bankkonto. Det blir overført til den bankkontoen som står på sjølvmeldinga. Dersom du ønskjer tilgodebeløpet overført til ein annan konto, kan du endre dette i den elektroniske løysinga på menysida. Du kan velje mellom dei kontoane du ser i skjemaet.

Det blir rekna ut rentegodtgjersle på tilgodebeløpet. Tilgodebeløp (med rentegodtgjersle) på kr 99 eller lågare blir ikkje tilbakebetalte.

Du kan få nærmare opplysningar om renteutrekninga og rentesatsane i skatteoppgjeret ved å gå inn på skatteetaten.no/skatteoppgjor eller ved å kontakte skatteoppkrevjaren/kemneren eller Skatteopplysninga på telefon 800 80 000.

Klage på skatteavrekninga

Klage på sjølve skatteavrekninga skal sendast til skatteoppkrevjaren/kemneren innan tre veker etter at vedtaket er sendt til deg.

Til toppen

Klage på likninga

Fristen for å klage på likninga er 6 veker etter at skatteoppgjeret er sendt til deg, likevel tidlegast 10. august. Klagen skal leverast elektronisk (søk etter skjemaet RF-1117 på skatteetaten.no/skjema) eller på papir til Skatteetaten. Dersom du vil ha meir informasjon, sjå skatteetaten.no/klage.

Til toppen

Ektefellar

Ektefellar som vel å fordele bankinnskot, renteinntekter, gjeld og gjeldsrenter annleis enn det som går fram av dei førehandsutfylte sjølvmeldingane, må sørgje for at begge sjølvmeldingane blir retta. Sjå òg temaet «Ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar» i «Rettleiing til postane».

Skatteklasse:

Ektefellar som blir likna saman, blir anten sette i skatteklasse 2F eller 1E. Skatteklasse 2F viser at inntekt og formue er likna under eitt og fordelte mellom ektefellane i høve til nettoinntekta og nettoformuen til kvar av ektefellane. Skatteklasse 1E viser at inntektene til ektefellane er likna særskilt. Sjølv om inntekta blir likna særskilt, blir formuen alltid likna felles i skatteklasse 2 og fordelt mellom ektefellane i høve til kvar ektefelle sin nettoformue.

Einslege skattytarar blir sette i skatteklasse 1.

Frå og med 2013 blir også einslege forsørgjarar sette i klasse 1. Einslege forsørgjarar som får utvida barnetrygd for barn under 18 år, blir gitt eit særfrådrag som erstattar likning i skatteklasse 2. Sjå post 3.5.5 og temaet «Særfrådrag for einsleg forsørgjar» i «Rettleiing til postane».

Opplysningar om korleis du er likna, står på lina under fødselsnummeret ditt på den mottekne sjølvmeldinga.

Tilsend Sjølvmelding 2013 med «Førebels utrekning av skattar og avgifter 2013»

  1. Sjå tilsend sjølvmelding med førebels skatteutrekning
  2. Kontrollere, eventuelt endre/leggje til og sende inn
  3. ŽEtter innsending; skatteutrekning

Saman med sjølvmeldinga får  dei fleste også ei førebels utrekning av skattar og avgifter.

Dette gjeld ikkje

  • dersom du er næringsdrivande og leverer «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.»
  • dersom du har ektefelle som er næringsdrivande og leverer «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.»
  • personar som har lønns- og trekkoppgåvekodar som skattekontoret må handsame særskilt
  • personar som ikkje har ordinært fødselsnummer, t.d. utlendingar
  • personar/grupper med sjølvmeldingar som Skatteetaten treng lang tid på å handsame, og som derfor ikkje får skatteoppgjeret før i oktober
  • meldepliktige sambuarar

Under «Førebels utrekning av skattar og avgifter» står beløpet som arbeidsgivar har trekt i skatt gjennom året. Sjekk beløpet mot lønnsslippane, lønns- og trekkoppgåvene og eventuelt innbetalt forskotsskatt. Har du betalt inn tilleggsforskot før 1. februar 2014, står dette beløpet òg her.

Tilsend sjølvmelding og førebels utrekning av skattar og avgifter finn du under årets skattedokument

ved å logge inn på skatteetaten.no/endre-levere

Dei fleste førehandsutfylte opplysningane i sjølvmeldinga er henta frå årsoppgåver frå arbeidsgivar, bankar, NAV, barnehage o.a. Er det feil i desse, må du korrigere beløpa i sjølvmeldinga. Dersom du ikkje tidlegare har bede den du har fått oppgåva frå, om å sende korrigeringar av oppgåvene til Skatteetaten, må du gjere det no.

Det som står i sjølvmeldinga, er grunnlaget for kva du skal betale i skatt. Du er sjølv ansvarleg for at desse opplysningane er rette. Ta deg derfor tid til å kontrollere at opplysningane er rette og fullstendige.

Du kan kontrollere opplysningane ved å trykkje på «Sjølvmeldinga 2013» (sjå bilete) under årets skattedokument, eller ved å trykkje på «Levere sjølvmeldinga» (sjå bilete). Du trykkjer på kvar lenke der det står oppført beløp i kolonnen «Opphavleg verdi».

Dersom dei førehandsutfylte opplysningane er fullstendige og korrekte, treng du ikkje å levere sjølvmeldinga.

Dersom du ikkje kan bruke ordninga med leveringsfritak, er det enklast å levere sjølvmeldinga elektronisk. På skatteetaten.no finn du e-rettleiingar som forklarer deg trinn for trinn korleis du enkelt kan gjere korrigeringar og tilføyingar. Systemet vil hjelpe deg med å fylle ut sjølvmeldinga.

Førebels skatteutrekning:

Når du har gjort endringar eller sendt inn sjølvmeldinga, vil du kunne få utrekna ny sum skatt og avgift i løysinga.

  • Etter innsending vel du «Gå tilbake» oppe til venstre på blå line.
  • Har du gjort endringa i sjølvmeldinga, vel du òg «Gå tilbake».

På menyen trykkjer du på «Start skatteutrekning»Ž. Er sjølvmeldinga rett, veit du med ein gong om du får pengar att eller om du må betale restskatt. Dette blir vist slik i den elektroniske løysinga.

Til toppen

PDFStarthjelp for lønnstakarar og pensjonistar

Fant du det du lette etter?

Maks 100 tegn. Kun tall og bokstaver.