1.3 Sambuar - ektefellar

Post 1.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du opp informasjon om sambuar, opplysningar om nyleg inngått ekteskap og forsørging av ektefelle i utlandet. 

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld personar som

  • er sambuar og informasjon om sambuar ikkje er ferdig fylt ut i skattemeldinga
  • har blitt sambuar i løpet av året
  • er sambuar med felles barn
  • er sambuar og har felles gjeld eller formue
  • ikkje er sambuar lenger
  • har gifta seg mellom 1. november 2015 - 31. desember 2016.
  • er skattepliktig til Noreg som busett eller er avgrensa skattepliktig til Noreg ved mellombels arbeidsforhold her og har ektefelle busett i utlandet som han/ho forsørgjer.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

For sambuarar:

I denne posten fører du opp fødselsnummeret til sambuaren din.

Dersom de har felles barn, vel du Ja på spørsmålet om du har felles barn med sambuar.

Dersom de har felles gjeld og/eller formue, vel du Ja på spørsmålet om du har felles formue/gjeld med sambuar.

Dersom du ikkje lenger er sambuar, fjernar du fødselsnummeret til den tidlegare sambuaren din.

Sambuarar blir i utgangspunktet skattlagde kvar for seg i klasse 1.

For sambuarar som etter skattereglane er meldepliktige sambuarar, skal skatt på inntekter og formue fastsetjast som for ektefellar. De er meldepliktige sambuarar når ein av dykk eller begge tek imot pensjon frå NAV og de anten har felles barn eller tidlegare har vore gifte med kvarandre. Handsaming som meldepliktig sambuar skal vere førehandsutfylt etter opplysningar mottekne frå NAV. Dersom skattemeldinga er feil og du skulle ha vore oppført som meldepliktig sambuar (og ikkje einsleg skattytar i klasse 1), vel du "Ja" i feltet "Krev du klasse 2 for forsørging av ektefelle i utlandet eller meldepliktig sambuar?"

For ektefellar:

Ektefellar som er busette i Noreg blir skattlagde saman etter reglar som gjeld for ektepar. Du treng ikkje krevje klasse 2 for forsørging av ektefelle i Noreg. Skatteetaten vel den fastsettingsmetoden for inntektsskatt som gir lågast samla skatt. Ektefellar som blir skattlagde i klasse 2, blir skattlagde under eitt for dei samla inntektene til begge. Ektefellar som blir skattlagde særskilt, skal skattleggjast separat i klasse 1E når ein reknar ut skatten på inntektene deira. Formuen til ektefellane blir alltid skattlagt under eitt.

Dersom de har gifta dykk etter 31. oktober 2015, blir de skattlagde som einslege skattytarar for 2016 (heilt åtskilde). Den ektefellen med lågast alminneleg inntekt kan likevel krevje at inntekt og formue blir fastsett saman med den andre ektefellen dersom de stifta felles heim før 31. desember 2016. Dersom du ønskjer ektefelleskattlegging, vel du "Ja" i feltet "Har du gifta deg etter 1.11.2015 og krev felles fastsetting med ektefellen?".

Når ein forsørgjer ektefelle i utlandet. Er du skattepliktig til Noreg og ektefellen din er skattemessig busett i utlandet, blir du skattlagt som einsleg skattytar i Noreg. Dersom ektefellen din i utlandet hadde låg inntekt i 2016 og blei forsørgd av deg, kan du krevje at inntekta di blir skattlagt i klasse 2 og dermed få eit noko høgare frådrag når ein reknar ut inntektsskatten. Forsørging ligg føre dersom ektefellen i utlandet hadde ei inntekt som utgjer maksimalt halvparten av gjennomsnittleg grunnbeløp, kr 45 870 kr for 2016. Du må kunne dokumentere familieforholdet med vigselattest og felles bustadadresse i utlandet og inntektsforholda til ektefellen. Meiner du at slik forsørging ligg føre, vel du "Ja" i feltet "Krev du klasse 2 for forsørging av ektefelle i utlandet eller meldepliktig sambuar?"

Du kan ikkje krevje skattefastsetting i klasse 2 dersom du forsørgjer ein sambuar som er busett i utlandet.

Logg inn og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg med spørsmål om skattemeldinga.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.