Noen temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

1.5.11 Har du og ektefellen fordelt næringsinntekt/personinntekt frå felles bedrift?

Post 1.5.11 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten huker du av "ja" eller "nei" om du og ektefellen din har næringsinntekt og utrekna personinntekt frå felles bedrift som de har fordelt mellom dykk.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld ektefellar som fordeler overskotet (næringsinntekt og/eller utrekna personinntekt) frå felles bedrift.

Posten gjeld tilsvarande for sambuarar som blir skattlagde saman som ektefellar (meldepliktige sambuarar), når desse har felles bedrift.

Utgangspunktet for fordelinga av overskotet er arbeidsinnsatsen til kvar av ektefellane. Med felles bedrift meiner vi ei verksemd som er eigd av den eine ektefellen eller begge ektefellane i fellesskap.

Posten gjeld ikkje aksjeselskap, sjølv om ektefellane eig hovudpartane av aksjane. 

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Dersom du og ektefellen din fordeler næringsinntekt og/eller personinntekt frå felles bedrift mellom dykk, hukar du av for Ja i posten.

Logg inn og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.