1.5.1 BSU i annan EØS-stat (ikkje Noreg)

Post 1.5.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du sparebeløp på BSU-konto (bustadsparing for ungdom) i ein annan EØS-stat enn Noreg. Du får 20 prosent frådrag på skatten basert på sparebeløpet du har betalt inn. Maksimalt sparebeløp er 25 000 kroner per år.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har ein BSU-konto i ein annan EØS-stat enn Noreg.

For å få frådraget må du sende årsoppgåva frå spareinstitusjonen til skattekontoret ditt. Hugs å føre på namn og fødselsnummer (11 siffer) på årsoppgåva som skal sendast inn. Hugs òg å fylle ut post 3.1.11 Renteinntekter og 4.1.9 Inntekter frå utlandet / Innskot i utanlandske bankar.

BSU i Noreg

BSU i Noreg er eit frådrag i sjølve skatten og skal ikkje førast i sjølvmeldinga. Beløpet blir fylt ut på førehand etter kva som er rapport inn frå banken du sparer i. Du må kontrollere at beløpet stemmer, i skatteoppgjeret. Dersom beløpet ikkje stemmer, må du ta kontakt med banken. 

Satsar og nøkkeltal

Maksimalt frådrag er 5000 kroner per år.

Det samla innskotet ekskludert renter kan ikkje overstige 300 000 kroner.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Før opp sparebeløpet i posten, maksimalt 25 000 kroner.

Innskot på BSU-konto fører du i post 4.1.9. Renteinntekter i fører du i post 3.1.11.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du må leggje skjemaet RF-1231 Bankinnskot i utlandet ved sjølvmeldinga.

Du treng ikkje sende oss meir dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør etter dokumentasjon, må du kunne dokumentere BSU-kontoen og sparebeløpet med årsoppgåva frå spareinstitusjonen. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.