1.5.2 Skattefrie spelegevinstar

Post 1.5.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du opp skattefrie spelegevinstar eller gevinst frå tiltak arrangert av massemedium på 100 000 kroner eller meir. Skattefritaket for gevinstar ved spel og konkurransar gjeld ikkje når gevinsten blir rekna som betaling for arbeid eller verksemd.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har hatt skattefrie gevinstar.

 

Gevinstar frå desse spela og trekningane er skattefrie:

  • spel som er arrangerte av Norsk Tipping AS, til dømes Lotto, Viking Lotto, Tipping og Oddsen
  • totalisatorspel som kjem inn under totalisatorlova (Rikstoto)
  • utlodding etter lotterilova, m.a. Quicklotteri og bingospel
  • pengespel og lotteri i eit anna EØS-land som svarar til spel eller lotteri som lovleg blir tilbydde i Noreg, og som er underlagde offentleg tilsyn og kontroll i heimlandet
  • offentleg tilgjengelege tiltak som er arrangerte av massemedium

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Gevinstar på 100 000 kroner eller meir fører du i posten.

Er gevinsten skattepliktig, fører du gevinsten i post 3.1.12, og utgifter direkte knytte til den skattepliktige gevinsten kan du føre til frådrag i post 3.3.7.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør etter dokumentasjon, må du kunne dokumentere dei samla skattefrie lotterigevinstane dine på 100 000 kroner eller meir med ei stadfesting frå den som har utlevert gevinsten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.