1.5.3 Fekk du arv eller gåver for 100 000 kroner eller meir i 2016?

Post 1.5.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten skal du føre opp beløpet du har teke imot i arv og/eller gåver som til saman er på 100 000 kroner eller meir. Dette er berre ein opplysingspost. Arv og gåver er i utgangspunktet ikkje skattepliktig inntekt for deg som tek imot dette.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har teke imot arv og/eller gåver, når den samla verdien er 100 000 kroner eller meir i løpet av inntektsåret 2016 og gåva ikkje har samanheng med eit arbeidsforhold.

Dersom gåva er frå arbeidsgivar, skal ho ikkje førast i denne posten, men som lønn i post 2.1.1.

Er du misjonær/medarbeidar i ulønna oppdrag for ein organisasjon?

Dersom du har arbeidd i ulønna oppdrag for ein organisasjon og teke imot gåve frå nær familie på til saman kr 100 000 eller meir, skal du føre det opp i denne posten.

Har du arbeidd i ulønna oppdrag for ein organisasjon og teke imot økonomisk støtte frå andre enn nær familie, skal du føre den samla verdien av slike bidrag i post 2.1.1. Sjå meir om dette her.

Har du arva fast eigedom?

Då bør du fylle ut heimelserklæring, slik at eigedomen ikkje blir ståande i den avdøde sitt namn. Du finn nærare informasjon om rett skjema og tinglysingsgebyr hjå Kartverket. Du må òg syte for å gi opplysningar rundt eigedomen sin inngangsverdi med meir. Sjå under avsnittet "Korleis fører eg dette i skattemeldinga".

Satsar og nøkkeltal

Plikta til å gi opplysingar om arv og gåve gjeld når den samla verdien er minst 100 000 kroner. 

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Dersom du har teke imot arv eller gåver som til saman er på 100 000 kroner eller meir, skal du føre den samla verdien/beløpet i denne posten. Har du teke imot eigedom som arv eller gåve, skal du føre opp marknadsverdien til eigedomen i post 1.5.3. I tillegg må du sjå til at eigedomen står oppført med korrekt formuesverdi i post 4.3.2 (bustad)/post 4.3.3 (fritidseigedom). Du må òg gi opplysningar om eigedomen sin inngangsverdi og korleis denne verdien er fastsett.  Som inngangsverdi brukar du marknadsverdien eller den tidlegare eigaren sin inngangsverdi avhengig av kva skattemessig posisjon den tidlegare eigaren hadde. Du kan lese meir om sal av eigedom som er arva eller motteken som gåve.

Det tidlegare skjemaet Melding om gåver, gåvesal, overdraging mellom nære slektningar og om utdeling av midlar frå uskifta bu (RF-1616) skal ikkje lenger leverast inn etter at arveavgiftsplikta fall bort for arv etter dødsfall som har skjedd etter 1. januar 2014, og for gåver frå familie som er tekne imot etter 1. januar 2014.

Logg inn, og fyll ut posten.

Levera skattemeldinga på papir

Leverer du skattemeldinga på papir, må du opplyse om identiteten til eigedomen (kommune, grunnummer, bunummer, organisasjonsnummer, partsnummer og liknande samt adresse), dato for erverv, inngangsverdi og korleis inngangsverdien er rekna ut (marknadsverdi eller tidlegare eigar sin inngangsverdi) under feltet for postar som ikkje er førehandsutfylte.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.