1.5.6 Inntekt og formue i utlandet, og skattemessig utflytting

Post 1.5.6 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten skal du gi opplysningar om skattemessige forhold knytte til utlandet.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld dei som har inntekt frå eller formue i utlandet og som meiner dei har krav på ein reduksjon i norsk skatt. Posten gjeld òg personar som meiner at den skattemessige bustaden deira i Noreg eller trygdemedlemskapen deira i Noreg er opphøyrt i løpet av inntektsåret 2016.

Eg har hatt inntekter som eg har tent opp i utlandet

 

Har du hatt inntekter i utlandet, skal du føre opp dette i rett post i skattemeldinga (sjå nedanfor under kreditfrådrag). Avhengig av føresegnene i skattelova og/eller skatteavtalen Noreg har med det landet inntekta er opptent i

  • kan inntekta anten vere unnateken frå skattlegging i Noreg eller
  • ein kan gi ein reduksjon i norsk skatt (frådrag for betalt skatt i utlandet eller nedsetjing av inntektsskatt).

Eg har formue i utlandet per 31. desember

 

Dersom du har formue, medrekna fast eigedom, i utlandet, skal du føre dette i skattemeldinga (sjå nedanfor under kreditfrådrag). Avhengig av føresegnene i skattelova og/eller skatteavtalen Noreg har med det aktuelle landet kan ein gi

  • frådrag for betalt skatt i utlandet eller
  • unnatak frå skattlegging i Noreg for å unngå dobbeltskattlegging.

Eg har gjeld i utlandet per 31. desember

 

Dersom du har gjeld i utlandet kan du ha krav på frådrag i formuen. Du kan òg ha krav på frådrag for gjeldsrenter.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Krev du frådrag for skatt betalt i utlandet (kreditfrådrag)?

 

Merk av for "Ja" dersom du krev kreditfrådrag. Skjemaet "RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag" skal leverast saman med skattemeldinga. Leverer du elektronisk, blir dette skjemaet tilgjengeleg når du svarer Ja i posten.

Deretter må du gi opp det som er aktuelt for deg:

Inntekt opptent i utlandet som ikkje allereie er førehandsutfylt, skal førast i desse postane:

Lista er ikkje uttømmande.

Formue i utlandet som ikkje allereie er førehandsutfylt skal førast i desse postane:

Lista er ikkje uttømmande.

Gjeldsrenter i utlandet fører du i post 3.3.2. Gjeldsrenter i utlandet

Gjeld i utlandet skal førast i post 4.8.3 Utanlandsk gjeld

Krev du nedsetting av skatt på lønn opptent under arbeidsopphald i utlandet?

 

Merk av for "Ja" dersom du krev nedsetting av skatt på lønn som du har opptent ved arbeidsopphald i utlandet. Skjemaet "RF-1150 Nedsetting av inntektsskatt på lønn" skal leverast saman med skattemeldinga. Leverer du elektronisk, blir dette skjemaet tilgjengeleg når du svarer Ja i posten.

Deretter må du føre opp lønna du har tent i utlandet i post 2.1.1 Lønn og naturalytingar o.a. dersom dette ikkje er førehandsutfylt.

Krev du opphøyr av skatteplikt som busett (emigrasjon)?

 

Merk av for "Ja" dersom du krev opphøyr av skattemessig bustad etter skattelova for 2016. Du må sjølv endre dei postane i skattemeldinga som du meiner kravet ditt verkar inn på. I post 5.0 må du gi opplysningar om kva land du har flytta til og frå kva for tidspunkt du krev at skatteplikta til Noreg som busett er opphøyrt frå. Du kan lese meir om vilkåra for skattemessig emigrasjon her.

Eig du aksjar og partar o.a. i norske eller utanlandske selskap ved utflytting, må du òg fylle ut og sende inn "RF-1141 Gevinst og tap på aksjar og partar o.a. ved utflytting" saman med skattemeldinga.

Dersom vi ber om det, må du kunne dokumentere at vilkåra for skattemessig emigrasjon er oppfylte. Du må òg kunne leggje fram opplysningar om inntektene dine og formuen din i utlandet.

Krev du deg busett etter skatteavtale i eit anna land?

 

Merk av for "Ja" dersom du krev deg skattemessig busett i eit anna land etter skatteavtalen Noreg har inngått med dette landet. Du må sjølv endre dei postane i skattemeldinga som du meiner kravet ditt verkar inn på. I post 5.0 må du gi opplysningar om kva land du har flytta til og frå kva for tidspunkt du krev at bustaden er endra frå. Du kan lese meir om endra bustad etter skatteavtale her.

Eig du aksjar og partar o.a. i norske eller utanlandske selskap ved utflytting, må du òg fylle ut og sende inn "RF-1141 Gevinst og tap på aksjar og partar o.a. ved utflytting" saman med skattemeldinga.

Dersom vi ber om det, må du kunne dokumentere at vilkåra for endra bustad etter skatteavtale er oppfylte. Du må òg kunne leggje fram opplysningar om inntektene dine og formuen din i utlandet.

Har du lønn frå ein internasjonal organisasjon eller frå Malaysia, som du krev friteken frå skattlegging i Noreg?

 

Merk av for "Ja" dersom du har lønn frå ein internasjonal organisasjon og denne lønna ikkje er skattepliktig i Noreg. Dersom lønna er rapportert inn av arbeidsgivar i post 2.1.1, må du korrigere beløpet i denne posten slik at lønna frå den internasjonale organisasjonen som ikkje er skattepliktig i Noreg ikkje inngår i post 2.1.1. Dersom lønna ikkje er rapportert inn av arbeidsgivar, må du gi opplysningar om inntekta i post 5.0.

Du kan lese meir om lønn frå internasjonale organisasjonar i punkt 3.5 her.

Dersom vi ber om det, må du kunne dokumentere at lønna ikkje er skattepliktig i Noreg.

Merk av for "Ja" dersom du har lønn opptent frå eit arbeidsforhold i Malaysia og denne lønna ikkje er skattepliktig i Noreg etter skatteavtale med Malaysia. Dersom lønna er rapportert inn av arbeidsgivar i post 2.1.1, må du korrigere beløpet i denne posten slik at lønna du har tent opp i Malaysia ikkje inngår i post 2.1.1. Dersom lønna ikkje er rapportert inn av arbeidsgivar, må du gi opplysningar om inntekta i post 5.0.

Dersom vi ber om det, må du kunne dokumentere at lønna ikkje er skattepliktig i Noreg.

Har medlemskapen din i norsk folketrygd opphøyrt?

 

Merk av for "Ja" dersom medlemskapen din i norsk folketrygd har opphøyrt i 2016. 

Dokumentasjonskrav

Du må kunne dokumentere inntekt, formue, gjeldsrenter og gjeld i utlandet dersom vi spør.

Dersom vi spør, må du kunne dokumentere at du oppfyller vilkåra for skattemessig emigrasjon, endra bustad etter skatteavtale eller at du har lønnsinntekt som ikkje er skattepliktig i Noreg.

Krev du kreditfrådrag, må du dokumentere utlikna og betalt skatt i det andre landet.

Alle beløp i skattemeldinga skal oppgivast i NOK. Her finn du meir informasjon om kva for valutakurs du skal nytte.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.