1.5.9 Sum ubenyttet naturressursskatt frå tidlegare år inklusive renter. Berre for eigarar av kraftverk.

Post 1.5.9 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du eig eit kraftverk og den samla naturressursskatten frå tidlegare år overstig fellesskatten/inntektsskatten til staten (ubrukt frådrag), kan du føre frådraget i denne posten.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle kraftverkseigarar som for tidlegare år har fått rekna ut ein samla naturressursskatt som overstig fellesskatten/inntektsskatten til staten (ubrukt frådrag).

Det overskytande beløpet kan førast til frådrag i fellesskatten/inntektsskatten til staten, tillagd ein rentefordel fastsatt av departementet i forskrift. For 2016 utgjer dette 0,9 prosent.

Satsar og nøkkeltal

Rentefordelen er 0,9 prosent

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I posten fører du beløpet for den ubrukte naturressursskatten pluss den utrekna rentefordelen på 0,9 prosent.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.