1.6.2 Positiv utrekna personinntekt - anna næring

Post 1.6.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du opp utrekna personinntekt, anten inntekta er gitt opp gjennom forenkla innrapportering eller i skjema RF-1224 Personinntekt frå enkeltpersonføretak, RF-1219 Gevinst og tapskonto eller RF-1084 Avskriving. Her føres også "gjennomsnittsunderheng" i skogbruk, sjå nedanom.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som

  • driv næring, og som har utrekna personinntekt
  • driv næring, og som har utrekna personinntekt som blir fordelt mellom ektefellar
  • har hatt næring som no er avslutta, og som har ein gevinst som blir skattlagd over fleire år med bruk av RF-1219 Gevinst og tapskonto
  • har hatt næring som no er avslutta, og som har ein negativ saldo som blir skattlagd over fleire år med bruk av RF-1084 Avskriving (gjeld saldogruppene a, c, d og/eller j)
  • driv skogbruk og har gjennomsnittsunderheng i inntekt frå skogbruk. Dette gjeld deg som har skog der aktiviteten ikkje stettar krava til å drive verksemd, og summen av dei inntil fire års faktiske inntekter er større enn dei fire siste års gjennomsnittsfastsatte inntekter. Alternativt kan gjennomsnittsunderhenget førast på gevinst- og tapskonto.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Eg er friteken frå å levere næringsoppgåve og personinntektsskjema.

Dersom du er friteken frå å levere næringsoppgåve, blir positivt driftsresultat frå vegvisaren for driftsinntekter og driftskostnader overført til denne posten i skattemeldinga.

Eg skal levere RF-1224 Personinntekt frå enkeltpersonføretak

I post 1.6.2 fører du summen frå post 1.36 i skjema RF-1224. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 1.6.2 automatisk fylt ut når du fyller ut skjema RF-1224.

Underskot i næringa

Du kan krevje å få negativ utrekna personinntekt framført til frådrag i det første året med positiv personinntekt frå same føretak. Det er derfor viktig at du fyller ut RF-1224 sjølv om du har underskot.

Fordele mellom ektefellar

Dersom personinntekt blir fordelt mellom ektefellar, skjer fordelinga mellom ektefellane i skjemaets post 1.10. Fordelinga skal fordelast ut i frå arbeidsinnsats.

I korreksjons-/samordningspostane 1.17 - 1.23 i skjemaet, behandlast ektefellane individuelt. Utrekninga ender opp i årets spesifiserte positiv utrekna personinntekt i henholdvis postane 1.36 for hovedutøvar og 1.34 for ektefelle.

Beløpa førast deretter over til post 1.6.2 i sjølvmeldinga. Når du leverar elektronisk, vil summen i post 1.6.2 overførast automatisk frå skjema RF-1224. NB! Dette gjeld ikkje for ektefelle. 

Eg skal levere RF-1219 Gevinst- og tapskonto

I post 1.6.2 fører du beløpet som står i post 15b i skjema RF-1219. Når du leverer elektronisk, blir beløpet i post 1.6.2 automatisk overført frå RF-1219-skjemaet.

Dersom den avslutta næringa er innanfor kategorien Fiske/fangst eller Familiebarnehage i eigen heim, skal beløpet førast i post 1.6.1.

Eg skal levere RF-1084 Avskriving

I post 1.6.2 fører du beløpet som står i post 110 i skjema RF-1084. Når du leverer elektronisk, blir beløpet i post 1.6.2 automatisk overført frå RF-1084-skjemaet.

Dersom den avslutta næringa er innanfor kategorien Fiske/fangst eller Familiebarnehage i eigen heim, skal beløpet førast i post 1.6.1.

Logg inn og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.