1.7.1 Arbeidsgodtgjersle frå KS, ANS o.a. – fiske eller familiebarnehage i deltakaren sin heim (RF-1221)

Post 1.7.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du arbeidsgodtgjersle gitt opp i skjemaet RF-1221 Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetjing. Posten gjeld innan kategorien "Fiske" eller "Familiebarnehage" i deltakarens "heim".

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som:

  • er selskap med deltakarfastsetjing innan kategorien Fiske, og som har motteke arbeidsgodtgjerelse i RF-1221 post 1160.
  • har ein familiebarnehage som blir driven i eigen heim, og som har motteke arbeidsgodtgjerelse i RF-1221 post 1160.

Dersom arbeidsgodtgjersla blir fordelt mellom ektefellar, skal ho førast i post 1.7.7.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I posten fører du summen frå post 1160 i skjema RF-1221. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 1.7.1 automatisk overført når du fyller ut skjema RF-1221.

Fordele mellom ektefellar

Ved fordeling av næringsinntekt mellom ektefellar fører du beløpet som skal fordelast, i post 1261. Begge ektefellar må levere kvart sitt RF-1221 der post 1261 er fylt ut. Ved fordeling av arbeidsgodtgjersle brukar du post 1.7.7 i skattemeldinga.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.