1.7.2. Negativ utrekna personinntekt frå enkeltpersonføretak i fiske eller familiebarnehage i heimen til deltakaren som kan samordnast med arbeidsgodtgjersle fra KS, ANS mv - fiske eller familiebarnehage i deltakarens heim.

Post 1.7.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du negativ utrekna personinntekt gitt opp i skjema RF-1224 Personinntekt frå enkeltpersonføretak. Negativ personinntekt kan redusere motteke arbeidsgodtgjersle i fiske/familiebarnehage i deltakarens heim så framt vilkåra er oppfylte.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som driv enkeltpersonføretak med netativ berekna personinntekt frå fiske eller familiebarnehage i eigen heim som har motteke arbeidsgodtgjersle frå KS, ANS mv - fiske eller familiebarnehage i deltakarens heim (RF-1221).

Ein føresetnad for dette er at vilkåra for samordning er oppfylte (Finansdepartementets forskrift til skatteloven (FSFIN) § 12-20-1, jf. § 10-42-3). Sjå rettleiinga i  skjema RF-1225. 

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I posten fører du beløpet frå post 1.21 i skjema RF-1224.  

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.