1.7.7 Del av arbeidsgodtgjersle frå KS, ANS o.a. – fiske eller familiebarnehage i deltakaren sin heim (RF-1221)

Post 1.7.7 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du del av felles arbeidsgodtgjersle frå selskap med deltakarfastsetjing (KS, ANS o.a.) innan kategorien Fiske og Familiebarnehage gitt opp i skjema RF-1221 Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetjing. Denne posten skal brukast når arbeidsgodtgjersla blir fordelt mellom ektefellar.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som fordeler arbeidsgodtgjersla mellom seg og ektefellen, og som

  • er deltakar i eit selskap med deltakarfastsetjing innan kategorien Fiske, og som har ei utrekna arbeidsgodtgjersle i RF-1221
  • driv familiebarnehage i eigen heim, og som har ei utrekna arbeidsgodtgjersle i RF-1221

Dersom arbeidsgodtgjersle ikkje blir fordelt mellom ektefellar, fører du beløpet i post 1.7.1.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Før beløpet frå post 1160 kolonnen "ektefelles andel" - i skjema RF-1221.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.