1.7.8 Del av arbeidsgodtgjersle frå KS, ANS o.a. – anna næring (RF-1221)

Post 1.7.8 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du del av felles arbeidsgodtgjersle frå selskap med deltakarfastsetjing (KS, ANS o.a.) innan kategorien "Anna næring", gitt opp i skjema RF-1221 Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som er deltakar i eit selskap med deltakarfastsetjing innan kategorien "Anna næring", og som har ei utrekna arbeidsgodtgjersle i RF-1221 og fordeler arbeidsgodtgjersla mellom seg og ektefellen.

Dersom arbeidsgodtgjersle/personinntekt ikkje blir fordelt mellom ektefellar, fører du beløpet i post 1.7.4.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Før beløpet frå post 1162 kolonnen "ektefelles andel" i skjema RF-1221 opp i posten. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 1.7.4 automatisk overført frå skjema RF-1221.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.