2.1 Lønn og tilsvarande ytingar

Postane under 2.1 Lønn og tilsvarande ytingar gjeld inntektspostar som lønn, sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, overskot på godtgjersle, dagpengar, inntekt frå dagmamma og familiebarnehage i eigen heim og anna arbeidsinntekt.

Alle postar for 2.1 i skattemeldingaSjå alle postar i skattemeldinga

  • 2.1.1 Lønn, naturalytingar o.a.

    Denne posten viser kva du har fått i lønn og eventuelt andre ytingar, til dømes honorar, arbeidsavklaringspengar og sjukepengar frå NAV. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 2.1.2 Inntekt, grunnlag for særskilt frådrag for sjøfolk

    Denne posten er berre for sjøfolk og viser kva du har fått i lønn. Lønna er grunnlaget for særskilt frådrag for sjøfolk i post 3.2.13. Beløpet er normalt fylt ut med det som er rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 2.1.3 Inntekt frå dagmamma eller familiebarnehage i eigen heim

    Denne posten viser kva du har fått i verksemdsinntekter for barnepass i eigen heim.

  • 2.1.4 Overskot på godtgjersle

    Denne posten viser kva du har fått i overskot på utgiftsgodtgjersle, det vil seie utbetalt godtgjersle utover staten sine satsar. Godtgjersla kan gjelde diett, bil, heimekontor med meir. Beløpet er normalt fylt ut med det som er rapportert inn av arbeidgivar, så kontroller at alt er rett.

  • 2.1.5 Anna arbeidsinntekt

    I denne posten fører du skattepliktig inntekt frå arbeid som ikkje er næringsinntekt, til dømes salsinntekter eller arbeidsvederlag frå handverks- og husflidsarbeid i heimen eller sal av hage- og naturprodukt.

  • 2.1.7 Dagpengar for næringsdrivande og fiskarar

    Denne posten viser dagpengar som er betalt ut til næringsdrivande og fiskarar. Dagpengar er ei yting i staden for arbeidsinntekt. Beløpet er normalt fylt ut med det som er rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 2.1.8 Uføretrygd frå folketrygda

    Denne posten viser kva du har fått i uføretrygd frå folketrygda. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 2.1.9 Uføreytingar frå andre enn folketrygda

    Denne posten viser kva du har fått i uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda, mellom anna uføreytingar frå SPK, uføreytingar frå andre pensjonsordningar (under dette uføreytingar frå IPA/IPS) og uføreytingar frå utlandet.

  • 2.1.10 Ektefelletillegg - uføre

    Denne posten viser kva du har fått i ektefelletillegg frå folketrygda som etter ei overgangsordning blir utbetalt til uførepensjonistar som forsørgjer ektefelle.