2.1.1 Lønn, naturalytingar o.a.

Post 2.1.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har fått i lønn og eventuelt andre ytingar, til dømes honorar, arbeidsavklaringspengar og sjukepengar frå NAV. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Post 2.1.1 gjeld stort sett alle, men ikkje pensjonistar som ikkje arbeider, og ikkje dei som til dømes berre lever av å forvalte eigen kapital eller er næringsdrivande.

Får du lønn eller andre ytingar frå ein arbeidsgivar på inntil 1000 kroner i løpet av inntektsåret, betaler du ikkje skatt for beløpet og treng ikkje føre noko i denne posten. Les meir om skattefrie småjobbar.

Får du meir enn 1000 kroner, er heile beløpet skattepliktig, og du må fylle det inn i posten dersom det ikkje står der. Det som avgjer kva inntektsår lønna skal førast på, er når lønna blei utbetalt. 

Feriepengar

Feriepengane dine er skattepliktige, så dei skal òg førast opp i denne posten.

Har du utført private arbeidsoppdrag?

Dersom du har utført eit privat arbeidsoppdrag for ein person i tilknyting til heimen eller fritidsbustaden hans/hennar der betalinga overstig 6000 kroner, skal du føre dette som skattepliktig inntekt i posten. Dersom du er næringsdrivande, skal du ta med betalinga som næringsinntekt uansett beløp og føre dette i næringsoppgåva. 

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Sjå døme på korleis du gjer endringar i post 2.1.1

Posten er normalt førehandsutfylt med det du har tent. Beløpa baserer seg på kva den som har utbetalt pengar til deg, har rapportert inn,så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte arbeidsgivaren for at samanstillinga skal bli rett.

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp lønnskode, beløp og årsak til kvifor du endrar posten.

Du bør òg kontakte skatteoppkrevjaren for å få rett skattetrekk og unngå å få høg restskatt neste år. Dersom verken inntekt eller skattetrekk er rapportert inn, må du kunne leggje fram anten lønnsslippar eller bankutskrifter for å kunne få godskrive skattetrekket.

Kva er ytingar, og kva må eg gjere?

Ytingar er enkelt forklart alle fordelar tilsette får i jobben, og som ikkje er lønn. Dei blir derfor rekna som tillegg til lønna og er skattepliktige. Nokre ytingar er fylt inn på førehand, mens andre må du føre inn sjølv. Døme på nokre ytingar:

  • fri bruk av bil utanom arbeidstid
  • gratis avis, mobiltelefonabonnement, breiband
  • flybonus
  • heilt eller delvis gratis bustad
  • gratis arbeidsklede
  • dekte kostnader til feriereise
  • gunstig lån frå arbeidsgivar
  • fordel vunne ved innløysing eller sal av opsjon som gir rett til kjøp eller sal av aksje eller grunnfondsbevis til eller frå arbeidsgivar
  • delvis dekte kostnader til barnehage eller dekt barnehage for barna dine

Beløpa du skal gi opp, står på samanstillinga eller i årsoppgåva.

Har du arbeidd i utlandet?

Har du arbeidd i utlandet for ein norsk arbeidsgivar, skal arbeidsgivaren rapportere inn lønna for dette arbeidet i a-meldinga som arbeid utført i utlandet. Dersom inntekta manglar/er rapportert feil, må du:

  • føre opp lønna i denne posten, eventuelt korrigere posten

  • informere arbeidsgjevar om at det må sendast korrigert rapportering i a-meldinga

  • huke av "Ja" i post 1.5.6. dersom du krev frådrag i norsk skatt eller reduksjon av norsk skatt på lønna du har tent i utlandet

Har du arbeidd i utlandet for ein utanlandsk arbeidsgivar, må du:

  • føre opp lønna i denne posten

  • huke av "Ja" i post 1.5.6. dersom du krev frådrag i norsk skatt eller reduksjon av norsk skatt på lønna du har tent i utlandet

Har du betalt skatt i utlandet, finst det reglar og skatteavtalar som forhindrar at du betaler skatt på same inntekt i begge land. Ved krav om kreditfrådrag (frådrag for skatt betalt i utlandet) må du fylle ut skjema RF-1147.

Dersom du har hatt eit arbeidsopphald i utlandet i minst 12 månader, bør du kontrollere om du kan krevje skattenedsetjing etter eittårsregelen. I så fall må du fylle ut skjema RF-1150. Skjema RF-1150 må du også fylle ut dersom skatteavtala mellom Noreg og arbeidslandet er ein fordelingsavtale.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Dersom du krev frådrag for skatt betalt i utlandet, må du fylle ut og sende inn RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag  saman med skattemeldinga. Dersom du krev kreditfrådrag må utliknet og betalt skatt i det andre landet dokumenteres.

Krev du skattenedsetjing etter eittårsregelen eller etter skatteavtale, må du fylle ut og sende inn RF-1150 Nedsetjing av inntektsskatt på lønn saman med skattemeldinga. Dersom vi spør må du dokuementere at du oppfyller krava for skattenedsetjing.

Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om lønn og/eller andre ytingar og vi ber om dokumentasjon, må du kunne dokumentere dette med ein årleg samanstilling eller anna stadfesting frå arbeidsgivar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.