2.1.10 Ektefelletillegg - uføre

Post 2.1.10 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har fått i ektefelletillegg frå folketrygda som etter ei overgangsordning blir utbetalt til uførepensjonistar som forsørgjer ektefelle.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som får uføretrygd og som etter ei overgangsordning tek imot ektefelletillegg frå folketrygda.

Uføretrygd og ektefelletillegg som etter ei overgangsordning blir utbetalt til mottakarar av uføretrygd som forsørgjer ektefelle, skattleggjast som lønnsinntekt.

Tidlegare kom ektefelletillegg til uførepensjon inn under post 2.2.4.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er vanlegvis utfylt med det du har teke imot i ektefelletillegg til uføretrygd.

Beløpet baserer seg på kva som har blitt rapportert inn frå NAV, så kontroller at alt er rett.

Beløpet du skal kontrollere mot skal stå i den årlege samanstillinga av inntekter, frådrag og skattetrekk du får frå NAV.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte NAV slik at samanstillinga og rapporteringa av ektefelletillegget blir rett.

Logg inn og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.