2.1.2 Inntekt, grunnlag for særskilt frådrag for sjøfolk

Post 2.1.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten er berre for sjøfolk og viser kva du har fått i lønn. Lønna er grunnlaget for særskilt frådrag for sjøfolk i post 3.2.13. Beløpet er normalt fylt ut med det som er rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har hovudarbeid om bord på skip i fart og har arbeidd om bord i til saman minst 130 dagar i skattleggingsperioden. Dette blir som ein hovudregel rekna som skip i fart:

  • marinefartøy med kommando heist, uavhengig av storleik og distansen som er segla
  • skip i utanriksfart som har eige framdriftsmaskineri, uavhengig av storleiken på skipet og kor stort fartsområdet til skipet er
  • skip som er på minst 100 brutto registertonn og har eige framdriftsmaskineri og ikkje er unnateke

Arbeidsgivar rapporterer i a-meldinga om vilkåra er oppfylte.

Posten gjeld òg for sjøfolk som er skattepliktige til Noreg for inntekt tent opp på utanlandsk skip. 

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt førehandsutfylt med det du har tent. Beløpet baserer seg på kva arbeidsgivar har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i den årlege samanstillinga av inntekter, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din i januar.

Dersom beløpet eller informasjonen er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte arbeidsgivaren din for at samanstillinga skal bli rett.

Inntekta er grunnlaget for særskilt frådrag for sjøfolk som blir ført i post 3.2.13.

Dersom du endrar post 2.1.2, må du kontrollere om du også må endre post 3.2.13 Særskilt frådrag for sjøfolk.

Logg inn, og fyll ut posten.

 

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om lønn og/eller andre ytingar, må du kunne dokumentere dette med den årlege samanstillinga eller anna stadfesting frå arbeidsgivar dersom vi ber om det.

Utanlandsk skip

Har du hovudarbeidet ditt på eit utanlandsk skip og vi spør, må du kunne leggje fram dokumentasjon på

  • kva tidsrom du har arbeidd om bord
  • kva slags type skip arbeidet er utført om bord på
  • namnet på og fartsområdet for skipet
  • inntekta for tidsrommet
  • hyreavrekning for alle månader du har gitt opp at du har vore på sjøen (Leverer du samleoppgåve, må denne vere spesifisert med omsyn til grunnhyre, overtid, andre inntekter og feriepengar.)

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.