2.1.3 Inntekt frå dagmamma eller familiebarnehage i eigen heim

Post 2.1.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har fått i verksemdsinntekter for barnepass i eigen heim.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har inntekt frå barnepass i eigen heim, og som

  • driv privat dagmammaverksemd og familiebarnehage
  • passar barn som er 11 år eller yngre ved utgangen av inntektsåret
  • passar barn som er 12 år eller eldre som har særleg behov for omsorg og pleie

Dersom du IKKJE får offentleg tilskot til dagmammaverksemd

Foreldre som betaler ut godtgjersle til deg for barnepass, pliktar å levere a-melding sjølv om barnepass blir rekna som verksemdsinntekter for deg og blir utført i din eigen heim.

Inntekta er derfor normalt fylt ut med det som er rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Inntekt frå dagmamma og familiebarnehage i eigen heim inngår i utrekningsgrunnlaget for minstefrådrag, som skal førast i post 3.2.1.

Dersom du får offentleg tilskot til familiebarnehagen

Dersom du får tilskot frå det offentlege for å ha familiebarnehage i eigen heim, har ikkje foreldra plikt til å levere a-melding for betalt barnepass.

Får du offentleg tilskot, blir du rekna som sjølvstendig næringsdrivande. Det inneber at du har bokføringsplikt. Du får då sskattemeldinga for næringsdrivande og må føre inntekter og kostnader i RF - 1175 Næringsoppgåve 1, som du må levere saman med skattemeldinga. Du må sjølv føre opp netto næringsinntekt i post 2.1.3, som vil inngå i grunnlaget for utrekning av minstefrådrag i post 3.2.1.

Satsar og nøkkeltal

Dagmamma i eigen heim UTAN tilskot 

Bruttovederlaget frå foreldra er normalt splitta i ei utgiftsgodtgjersle og eit arbeidsvederlag.

Utgiftsgodtgjersle  

Utgiftsgodtgjersla kan reknast ut til 50 prosent av samla bruttovederlag, men ikkje høgare enn 1155 kroner per månad per barn. Utgiftsgodtgjersla blir då ikkje rekna for å gi skattepliktig overskot og er eit standardfrådrag.

Arbeidsvederlag 

Det resterande er skattepliktig arbeidsvederlag: Utbetaling – utgiftsgodtgjersle = arbeidsvederlag.

Døme:

Dersom foreldre betaler 55 000 kroner for barnepass for eit barn i 11 månader, blir beløpa som skal førast i 2.1.3, som følgjer: 

  Barnepass

55 000 kroner

 
- utgiftsgodtgjersle

12 705 kroner

 (1155 kroner* 11 mnd)
= Sum 42 295 kroner  skal førast i post 2.1.3

Du kan velje frådrag for dokumenterte kostnader til barnepass i staden for standardfrådraget.

Familiebarnehage i eigen heim MED offentleg tilskot 

Driv du familiebarnehage i eigen heim og tek imot offentleg tilskot, kan du få frådrag i arbeidsvederlaget for anten

  • faktiske kostnader på grunnlag av rekneskap eller

  • frådrag med standardsatsen på 1155 kroner per månad per barn i tillegg til frådrag for faktiske lønnskostnader, feriepengar, arbeidsgivaravgift og andre personalkostnader du har til førskulelærar og/eller assistent som du har tilsett

Vel du standardfrådrag, er du bunden til dette i fem år, så framt du driv verksemda så lenge og forholda i det vesentlege er uendra.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Dagmamma i eigen heim UTAN tilskot 

Posten er normalt fylt ut med beløp som oppdragsgivar/foreldre har rapportert inn at du har teke imot i arbeidsvederlag.

Kontroller at beløpet er rett, og at det er splitta i utgiftsgodtgjersle og arbeidsvederlag.

Dersom foreldra ikkje har splitta beløpet i a-meldingane, kjem heile vederlaget til å stå som skattepliktig inntekt i post 2.1.3. Du må redusere beløpet i post 2.1.3 med utrekna utgiftsgodtgjersle.

Familiebarnehage MED offentleg tilskot

I posten fører du netto næringsinntekt som går fram av post 0402 i RF-1175 Næringsoppgåve. I rubrikken for næring oppgir du kategorien Familiebarnehage i eigen heim.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.